I 23-tida laurdag kveld rykte politiet ut etter at det gjekk ein alarm på Eikanger hagesenter.

Tjuv skal ha prøvd å bryta seg inn på senteret. Det var innehavar som melde hendinga inn til politiet.

Avisa Nordhordland omtalte hendinga først.

– Det var klypt eit hol i eit nettinggjerde og saga eit hol i veggen, opplyser operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt til Strilen.

Då eigaren kom til staden var det ingen å sjå.

Skremd av alarmen

– Det kan verka som om gjerningspersonen vart skremd av at alarmen gjekk av. Såvidt eg veit er det ikkje stole noko, seier Geitle.

Det vart observert ein liten grå bil på staden.

– Vi veit ikkje, men bilen kan ha noko med dette å gjera, seier Geitle.

Politiet opprettar sak på tilhøvet og vil etterforska saka. Har du tips til politiet i saka kan du ringa til lensmannskontoret i Knarvik på telefon 56 35 56 70.