– Skisesongen begynte tidleg i år. Folk begynte å visa interesse for å kjøpa ski og skisko hjå oss i desember, og me har selt ut veldig mykje, seier Gunnlaug Bastesen Dale.

Ho er avdelingsleiar på Gjenbruksbutikken til Knarvik industri og miljø, som sel alt muleg til hus og heim, også vinterutstyr for store og små.

Populært langrennsutstyr

I vintersesongen brukar dei å ha inne fjellski, langrennsski, slalåmski, snowboard, skisko, slalåmstøvlar og skøyter og akebrett både med og utan ratt.

– Prisane varierer etter kva kvalitet og stand skiutstyret er i, men normalt tar me 50, 75 eller 100 kroner for eit par skisko, og frå 100 til 350 kroner for eit par ski, fortel Dale.

TIL STORE OG SMÅ: - I år begynte skisesongen tidleg, og me har hatt jamt og trutt folk innom for å sjå på ski og skisko sidan desember, seier avdelingsleiar Gunnlaug Bastesen Dale på Gjenbruksbutikken til Knarvik Industri og miljø.

Veks fort

Sjølv om ein kan få rimelege skipakkar for barn i mange sportsbutikkar, så er det litt pengar å spara på å kjøpa brukt utstyr i bruktbutikkar, via finn.no eller gjennom kjøp- og salsgrupper på Facebook.

– Barn veks fort, spesielt dei yngste. Dei brukar berre skisko eller skøyter ein sesong før dei er for små, og me ser at mange foreldre er flinke til å sjekka kva me har inne i bruktbutikken før dei vurderer andre alternativ, seier Dale.

Ho fortel at det også kjem ungdom innom for å handla før skidagar på skulen, og vaksne for å kjøpa turski til seg sjølv.

– Me sel i grunnen til folk i alle aldrar. Skisko og skistavar forsvinn fort. Me brukar å få selt ut alt me har av skistavar i løpet av ein sesong, seier ho.

SKØYTER OG SKISKO: I vinter har det gått ut mange par skisko. Då Strilen var innom, var det størst utval av skøyter og slalåmstøvlar.

Haugevis med akebrett

I fjor var det dårleg med snø på våre kantar. Då var det ikkje den store etterspurnaden etter skiutstyr. Men i år kom snøen tidleg, og salet har gått unna.

Strilen var innom bruktbutikken tysdag denne veka. Då hadde dei berre to par skistavar igjen og det var heller ikkje så mange skisko å sjå i hyllene, men dei hadde ein del slalåmutstyr og ein del par med langrennski til vaksne og barn.

– Visst folk har skiutstyr heime som dei ikkje brukar, så vert me glade om dei gir det til oss slik at nye barn og vaksne kan få glede av dei, seier Dale.

Folk kan levera ting direkte til butikken i Knarvik eller gjennom NGIR sine gjenvinningsstasjonar.

Les også: Løypemelding frå skiløypene i Nordhordland