Natt til tysdag fekk MF Bjørnefjord maskinproblem, og la seg for anker sør for Fedje.

Grunna det dårlege vêret la ein slepebåt seg til og heldt den fast. Hovudredningssentralen opplyste at eit redningshelikopter vart sett i beredskap på Fedje.

– Dei har kontroll av ferja no, dei har taubåt ved sida av seg, og dei ventar på at vêret skal roa seg før dei kjem seg til land, sa Børge Galta vakthavande redningsleiar på Hovudredningssentralen tysdag morgon.

Foto: MarineTraffic.com/skjermdump