– Bakgrunnen for oppseiingane er at hovudkontoret på Frekhaug skal flyttast, og samlokaliserast på Sola, seier dagleg leiar i Kolos inspection, Leif Roar Larsen, til Bergens Tidende.

I Meland starta bedrifta som Fours AS, men gjennom samanslåingar med andre vart namnet Kolos frå 2016. Selskapet har hatt avdelingar på Frekhaug, Sola og Fosnavåg.

Larsen opplyser til BT at dei tilsette på Frekhaug har fått tilbod om å bli med på lasset til Sola, men dette er det ingen som har takka ja til.

To år med underskot

Bergens Tidende skriv at selskapet har gått med underskot dei siste to åra der rekneskapstala er tilgjengelege, 2015 og 2016, på kring 11,5 millionar til saman.

Kolos-gruppen driv med sal, utleige og vedlikehald av løfteutstyr til bruk on- og offshore, i tillegg til inspeksjon og sertifisering av slikt utstyr.

Ut august

Dagleg leiar Larsen seier til BT at dei tilsette vart orienterte om situasjonen ved påsketider, og at drifta på Frekhaug no skal gå ut august månad.