I Norge har me eit generelt forbod mot bålbrenning i skog og mark i perioden 15. april til 15. september, og i enkelte tilfeller, (slik me opplevde tidlegare denne månaden), kan brannvernet i kvar enkelt kommune gjera vedtak om totalforbod mot eld.

Totalforbodet mot å gjera opp eld, vart oppheva då styrtregnet kom. Og til dei som måtte lura på det, så kan brannsjef Karl Johannes Romarheim opplysa om at det i Lindås, Meland og Modalen ikkje er nødvendig å søkja brannvernet om lov for å brenna Sankthansbål.

Så lenge du sjølv vurderer at staden du vil brenna bål på er trygg, og du tek omsyn til vind- og vêrforhold denne kvelden, heldt bålet under oppsikt og har sløkkjeutstyret klart, så kan du fyra opp og grilla pølsene dine utan å vera redd for at brannvernet kjem på besøk.