– Anlegget vart evakuert klokka 10.30 fordi straumen forsvann i heile anlegget, opplyser kommunikasjonssjef Morten Eek i Equinor til Strilen.

Straumbrotet skuldast ein feil som oppstod i ein transformator under planlagt vedlikehald.

– Når straumen forsvinn, vert anlegget automatisk stengt ned, og det er prosedyre å evakuera alt personell som ikkje har beredskapsoppgåver.

Det er mykje folk i arbeid på anlegget for tida, og 714 personar vart evakuerte.

– Evakueringa gjekk etter planen. Straumen er tilbake no, men anlegget er framleis stengt ned. Det vil det vera til me har full kontroll på situasjonen. Kor lang tid det vil ta, veit eg ikkje, men det vil ta ei stund. Prosessen med å starta opp anlegget igjen tek også tid, sa Eek til Strilen klokka 11.40.

Klokka 12 kom meldinga om at anlegget var opna igjen og at prosessen med å starta opp igjen produksjonen kunne starta.