Like før klokka 10 melde Norled at ferjeavgangane mellom Leirvåg og Sløvåg inntil vidare vart innstilte. Grunnen var verforholda.

«Bjørnefjord» måte difor ligge til kai i Leirvåg i timesvis.

– Det blir gjort eit nytt forsøk klokka 17, men det er usikkert om det har løya nok, seier Inge André Utåker i Norled klokka 16.15.

Å setta inn skyssbåt vart ikkje vurdert.

Men ferja kom seg omsider over fjorden og klokka 17.40 låg «Bjørnefjord» seg til kai i Sløvåg. Like etter melde Norled at ferjesambandet er tilbake i normal drift.

PS: For dei som saknar «Melderskin», så er den på verkstadopphald på Bømlo.