– Med å bruka Lean skal me sikra at me leverer på ein effektiv måte, og ikkje brukar tid på feile ting, seier Richard Cornell, som er regiondirektør i Veltec.

– Metoden skal sikra at me har kunden i fokus, og aukar verdien for kunden. Det handlar mellom anna om å ha riktig flyt i arbeidet, og unngå stopp.

På Mongstad har selskapet 140 tilsette i tillegg til innleigd mannskap, og leverer tenester til både Equinor og industrien elles i regionen. Den største kontrakten her lokalt er den med Equinor for arbeid på raffineriet, med vedlikehald og mindre modifikasjonar innan elektro og mekaniske disiplinar.

– Der ser me ein oppsving i aktiviteten det siste året, og omsetning på rammeavtalen vil sannsynligvis nok bikka 100 millionar i både 2018 og 2019, seier Cornell, som har lang erfaring med å serva Equnior og tidlegare Statoil.

Då han kom til Mongstad i 2007 var det for å jobba i Terne, seinare vart dette selskapet kjøpt opp av tyske Voith, men har no nye eigarar og driv under namnet Veltec. Cornell har vore med på heile denne reisa.

VIKTIG KUNDE: Veltec si største kontrakt her lokalt er den med Equinor for arbeid på raffineriet, med vedlikehald og mindre modifikasjonar innan elektro og mekaniske disiplinar. Foto: Helge Hansen / digital

Kursar dei tilsette

Lean-tankegangen vert i dag nytta av både private bedrifter og innan det offentlege, som ein metode der ein undersøker prosessane i bedrifta og ser om det er mogleg å gjera ting meir effektivt.

– I Veltec har me kursa dei som jobbar med arbeidsleiing. Dei har fått innblikk i kor mykje tid me brukar på ting som er uvesentlege, og som ikke gjev verdi for korkje kunden eller oss. Me skal kursa fleire og ha dette meir «ut på golvet», slik at dei som gjer installasjonar og utfører vedlikehald jobbar på ein fornuftig og effektiv måte, seier Cornell.

Til desse kursa brukar dei ei lokal bedrift. Arild Paulsen og Heine Olsen starta hausten 2016 opp ei hordalandsavdeling av den landsdekkande verksemda Lean Consulting, og tilbyr kurs og sertifisering innan denne metodikken. I løpet av to år har dei oppnådd å verta den leiande kursleverandøren innanfor Lean i Hordaland.

– Ein viktig grunn til at me valde akkurat dei til å kursa våre folk, er at Paulsen og Olsen som jobbar der har relevant erfaring frå det me driv med i Veltec. Paulsen har blant anna lang erfaring som leiar i Caverion Bergen og Apply TB, som også driv innan elektro. Det gjev han ei forståing med kva me jobbar med i Veltec, og samarbeidet vert enklare.

Lean sidan 2011

Cornell har sjølv jobba med Lean sidan 2011, og har kursa seg til grøn sertifisering. Han kjente tidleg til denne metodikken, mellom anna sidan ein studiekamerat er langt framme innan Lean på verdsbasis.

– Om me ikkje hadde teke i bruk Lean så hadde det vore lett for å ha feil fokus. Lean hjelper oss til å levera det kunden vil ha, når kunden vil ha det, og ikkje noko anna enn det, seier Cornell.

– For å henta ut full effekt av Lean er det viktig med tett samarbeid med kundane. For å levera på bestilling, og ikkje bruka pengar unødvendig, må ein vita akkurat kva kunden ønsker.

Gjennom «oljesmellen»

Då oljeprisen stupte frå midten av 2014, opplevde Veltec det same som mange andre leverandørar, beskjeden frå kundane var at prisane måtte ned.

– Men det er ikkje lett å gi en stor prisreduksjon, og framleis ha noko att. Skal ein framleis klara å tena pengar etter noko slikt, må ein jobba smartare.

Dei eigarane som selskapet hadde på den tida, såg ikkje på Lean som rette metoden, og ville ta andre grep for å få raske kostnadskutt. Men slik Cornell ser det, kan også Lean gje raske resultat:

– Du kan få nesten umiddelbar effekt i dei tilfella der du oppdagar arbeidsprosessar som er heilt unødvendige. Ein må berre setja seg ned og tenkja over om det ein gjer er logisk eller ulogisk.

Investerer i Lean

– For å vera heilt ærleg, så var me litt seint ute med å komma i gang med Lean i organisasjonen, og då oljeprisen kollapsa vart dette parkert i fleire år. Men no investerer me meir enn nokon gong i dette, sjølv om oljeprisen og marknaden no er på veg oppover.

Oljeprisen har den siste tida svinga opp mot 80 dollar fatet for Nordsjøolje. Men Cornell vil vera budd neste gong prisen fell igjen, noko han er sikker på vil skje.

– På eit eller anna tidspunkt så vil prisen gå ned igjen. Me må læra frå det har skjedd, slik at me ikkje står i same situasjon om tre til fem år, seier Cornell, som opplever at dette med prosessforbetringar er noko som er på agendaen for mange bedrifter.

– Alle prøver å gjera ting så enkelt som mogleg. I Veltec praktiserer me Lean kvar dag, seier Cornell.

KVA SKAPER VERDIAR: – Lean-tankegangen handlar mellom anna om å sjå på kva er den verdiskapande aktiviteten i bedrifta. Det som ikkje skapar verdi, er sløsing, seier Arild Paulsen (til venstre) og Heine Olsen i Lean Consulting. Foto: Ketil Tjore