Det brenn i ei hytte i Litlevågsbrotet, ikkje langt unna Eikangervåg, i Lindås.

– Ståa no er at mannskapar frå Knarvik og Åsane er i gang med sløkking. Det er snakk om ei hytte på 30 kvadrat kor det har vore fyr i takkonstruksjonen. Røykdykkarar er i gang inne og ute, seier Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen.

– To personar var til stades. Dei kom seg fort ut.

Desse skal ha opplyst å vere uskada.

Brannvesenet skal vera godt representert på staden. Utanom hytta er dei opptatte av å hindra at flammane spreier seg til det tørre terrenget rundt hytta.

Saka vert oppdatert.