HV gjennomfører øving i perioden 18. til 23. oktober, med hovudtyngde frå 20. til 23. oktober, heiter det i ei melding til avisa.

Øvinga vil i hovudsak innebera aktivitet i kommunane Gulen og Masfjorden, der ein vil kunna sjå militært personell i lokalsamfunnet, og militær aktivitet langs vegane og ved enkelte knutepunkt.

Desse HV-mannskapa vil bera våpen.

Skytebaner

Gjennom heile perioden er det aktivitet ved Frøysetvågen skytebane i Masfjorden, samt Tjørnaleitet skytebane i Gulen.

Publikum blir oppfordra til å ikkje ferdast i desse områda i nemnte periode, samt å etterkomma dei anmodningar som blir gitt av Militært personell.

Skarp og laus ammo

Utanom aktivitet på skytebanene, kan det bli brukt noko lausammunisjon. Lausammunisjon kan også bli brukt om natta, men slik aktivitet vil HV prøva å halda unna bebygde område.

Det lokale politiet er orientert om øvinga.