Karoline Holsen Kyte frå Førde leiar i den norske motbakkecupen i år, ein konkurranse som Anita Iversen Lilleskare frå Alversund vann i 2016. I motbakke-EM i slovenske Kamnik laurdag 8. juli sprang dei begge på det norske landslaget, men ingen av dei norske kvinnene kom på pallen.

Kyte kom nærast med sin fjerdeplass, knappe fire minutt etter vinnaren, Maude Mathys frå Sveits.

Vinnartida vart 49:30, og Mathys vann med nær halvanna minutt ned til nummer to, etter å ha leia også ved mellomtida etter fire kilometer.

I SLOVENIA: Anita Iversen Lilleskare. Foto: Privat

– Hadde ikkje meir å gi

– Løypa var ganske bratt og fin dei første 4 km, men eg hadde rett og slett ikkje noko å gi i dag, fortel Lilleskare frå løpet i Slovenia.

Vanlegvis gjer ho det best i dei brattaste løypene, men i EM hjalp det ikkje med bratte parti.

– Dei siste 4,5 kilometrane av løpet var det heller flatt, men eg trur ikkje stigningen gjorde særleg forskjell akkurat i dag. Det blei ein litt dårleg dag, rett og slett. Eg har ikkje vore heilt i form dei siste par vekene.

Gler seg for laget

Løpet gjekk i tretti grader og sol, ei utfordring for løparar frå det kalde nord.

Lilleskare gler seg over resultata til dei to andre norske i kvinneklassen.

– Ein fantastisk fjerdeplass frå Karoline Holsen Kyte, og Eli Anne Dvergsdal tar ein flott 13. plass.

For dei norske damene vart altså plasseringane og tidene slik etter full distanse:

4. Karoline Holsen Kyte, 0:53:16

13. Eli Anne Dvergsdal, 0:55:56

33. Anita Iversen Lilleskare, 1:00:41

LANDSLAGET: Karoline Holsen Kyte, Eli Anne Dvergsdal og Anita Iversen Lilleskare i motbakke-EM 2017 i Kamnik i Slovenia. Foto: Privat

Elles vart Anita Iversen Lilleskare si klubbvenninne frå Bergen Løpeklubb, Rebecca Hilland, nummer tolv i EM med tida 0:55:49. Hilland deltok i EM for sitt fødeland, Storbritannia.