For tredje år er det klart for motbakkeløpet Piltevarden Opp, som går laurdag 24. mars, på Mjømna i Gulen.

– Løypa er 2,6 kilometer, og tek deg 185 høgdemeter opp til toppen av Piltevarden, fortel Trond Helgheim Spurkeland, som arrangerer løpet saman med Kristin Mjanger.

– Løpet er ope for alle, anten ein spring på tid eller ikkje.

Å vera med kostar ein femtilapp, og påmeldinga ordnar du via EQ Timing.

Påskesnop til dei yngste

– Det vert bollar, kaker, vaflar og kaffi til alle etter løpet, i Mjømna bygdehus. Til borna vert det i tillegg påskesnop og medalje, fortel Spurkeland.

Det er også premiering til beste dame og beste mann, og til den i turklassen som kjem nærast idealtida.

– Idealtida har me sett før løpet, men kva det er heldt me sjølvsagt hemmeleg.

Lilleskare og Finshus

Dei to kjappaste så langt er Anita Lilleskare (14:07 i 2017) og Thomas Finshus (12:51 i 2016). Men det er altså fullt lovleg å ta seg god tid til toppen, og bruka tida til å nyta utsikta.

Frå klokka 10.00 på løpsdagen er det registrering for løparar og turgåarar, i Mjømna bygdehus. Der blir det også utdeling av vassflasker og frukt til turgåarane, og ein kan skifta klede før løpet om ein ønskjer det.

Klokka 11.30 er det start for turgåarar, frå Mjømna kyrkje. Klokka 12.00 er det start for løpsklassen, også det frå Mjømna kyrkje. Denne klassen får vassflaska si på toppen av Piltevarden. Om lag klokka 13.00 startar premieutdelinga, som finn stad i Mjømna bygdehus.

Er du løpsarrangør?

Også i 2018 vil me i Strilen laga ei liste på nett over alle lokale løp, som me oppdaterer framover sesongen. Lista skal gje motivasjon til å snøra på seg joggeskoa og komma seg ut.

Er du løpsarrangør er det fint om du snarast sender ein mail til ketil@strilen.no med opplysningar for 2018, så skal me oppdatera lista.

Slik såg lista ut i 2017: