Meld deg på gratis her!

Redaktøren har ordet: Eigentleg skulle du ha lese dette i fjor på denne tida. Men så kom koronaen, og vi måtte leggje planane våre på is.

Men no er det på tide å sleppe katta ut av sekken:

Knarvikmila og Strilen går saman om å lage løpsmoro i Brekkeløypa i Knarvik.

Ein gong i månaden fram til Knarvikmila-helga i september vert det arrangert Strilen-milen i Brekkeløypa.

Og – det er heilt gratis å delta. Strilen og Knarvikmila dekkjer utgiftene for deg.

Om korona-reglane tillet det vert første utgåve av Strilen-milen tysdag 27. april klokka 1830. Her er ansvarleg redaktør i Strilen, Eirik Langeland Fjeld, og dagleg leiar i Knarvikmila, Trond Andal (t.h.). Foto: Erlend Kristiansen / arkiv

Tanken er at potensielle Knarvikmila-deltakarar skal få teste seg i den tradisjonelle distansen ei engelsk mile (1609 meter), som vi i Nordhordland frå no av kallar «Strilen-milen».

Her konkurrerer du først og fremst mot deg sjølv, men vi veit at nokre vil sjå det som viktigast å ta løyeprekorden.

Knarvikmila tek tida, og nyttar EQ-timing og den tilhøyrande appen EQ Me.

Uansett om du er mosjonist som vil forbetre eiga tid, eller du har blodtrimma konkurranseinstinkt og vil løpe etter løyperekorden – du er velkommen til å teste deg i Strilen-milen!

Brekkeløypa i Knarvik er omlag 1700 meter lang. Ved å ikkje la start og mål vere på samme punktet, kjem vi til 1609 meter – altså ei engelsk mile. Foto: Kjell Arne Steinsvik / arkiv

Om korona-reglane tillet det vert første utgåve av Strilen-milen tysdag 27. april klokka 1830.

Vi håpar at vi kan arrangere Strilen-milen den siste tysdagen i månaden i april, mai, juni og august.

Rekordar vil verte premiert løpande i følgjande klassar:

  • Jenter + gutar fødd i 2009 eller tidlegare (12 år)

  • Jenter + gutar fødd i 2007 eller tidlegare (14 år)

  • Jenter + gutar fødd i 2005 eller tidlegare (16 år)

  • Vaksen: menn + kvinner fødd 2003 eller tidlegare

  • Godt vaksen: menn + kvinner fødd 1986 eller tidlegare

  • Veteranar: menn + kvinner fødd 1971 eller tidlegare

  • Legender: menn + kvinner fødd 1961 eller tidlegare

Kom ’an igjen! No er det nok chips, Netflix og korona-angst. Slepp tigeren fri, det er vår!

Her kan du melde deg gratis på Strilen-milen allerede no.

(NB! Du melder deg på alle fire løpa, men deltek berre på dei du vil. Første gang du deltek får du utlevert startnummer, og du nyttar det samme startnummeret kvar gong du deltek.)

Med vennleg helsing Eirik Langeland Fjeld, Strilen