I FINALEN: Malin Fyllingen i forsvar, og Lulya Mussie Ande i mål for Åsane. Foto: Ketil Tjore
KANT: Malin Fyllingen i farta på venstrekanten. Foto: Ketil Tjore
SØLV: Åsane sitt samarbeidslag tok sølv i julecupen 2017. Foto: Ketil Tjore
KNARVIK-SPELARAR: Maja Fyllingen, Lulya Mussie Ande og Malin Fyllingen spelar til vanleg på Knarvik IL sitt jenter 14-lag, men i julecupen spela dei med Åsane. Foto: Ketil Tjore

Åsane handball jenter 14, med tre jenter frå Knarvik på laget, spelte seg til finalen under Bergen HK sin julecup i Haukelandshallen. I starten var det jamt, men på stillinga 4-4 sette Fyllingen inn eit ekstra gir og vann til slutt 20-7.

– Me stressa nok for mykje, seier Lulya Mussie Ande, som vakta målet i finalen.

Dei tre spelarane frå Knarvik IL som var med Åsane i julecupen var målvakt Lulya Mussie Ande og utespelarane Maja Fyllingen og Malin Fyllingen. Av Fyllingen-søstrene er Malin eitt år yngre, og spelar eigentleg på jenter 13.

Fyllingen sterke

Keeper Ande var ikkje nøgd med eigen innsats, men utespelarane må nok ta sin del av skulda, etter at Fyllingen kom for lett til målsjansane, samstundes som Åsane sine angrep gav lite mål.

– Det var ikkje lett å spela seg gjennom forsvaret til Fyllingen, seier Maja Fyllingen.

Fyllingen-jentene var venta å vera sterke, og har gjort det bra heile vegen i årets julecup. Åsane-laget har på si side kjempa seg til finalen, og hadde to tap i puljespelet før dei så vann dei to første i sluttspelet. Men i finalen var det altså stopp.

Sterke i serien

Jentene trenar jamleg med spelarane på Åsane-laget, og har også vore med dette samarbeidslaget på andre turneringar. Men i den vanlege serien spelar dei på eit reint Knarvik IL-lag, og det har gjort det bra: I haust vann dei si avdeling og er klare for 1. divisjon våren 2018.