Då inviterer nemleg IL Alvidra, Seim IL, Knarvik IL og NBK til delingsdag i trimrommet i Nordhordlandshallen frå klokka 12-15.

– Ideen kom frå Barnefotballutvalet, og tanken er å spara både miljøet og lommebøkene til folk. Dessutan er det viktig å jekka ned kjøpehysteriet og visa barna at ting kan vera like greie om dei ikkje er splitter nye, seier Alexander Kittang i Knarvik idrettslag.

Helst ikkje klede

Sportsutstyret kan vera alt frå fotballsko og leggbeskyttarar til langrennsski, skisko, akebrett og skøyter. Men det må vera i orden og reingjort. I utgangspunktet ønskjer dei ikkje byte av klede denne dagen.

Det ein har, kan ein levera inn i klubbhuset til Nordhordland Ballklubb i perioden onsdag 30. januar til fredag 1. februar mellom klokka 09 og 21.

Vinn-vinn

– Ein får ikkje betaling for det ein leverer inn, men kan finna anna og meir passande utstyr ein har bruk for. Og ein treng ikkje levera inn noko for å finna noko til seg sjølv, forklarer han.

– Blir det vanskeleg å få levert noko på førehand, kan ein ta det med seg i hallen på sjølve delingsdagen, legg han til.

Invitasjonen går først og fremst ut til barn og vaksne i skulekrinsane knytte til idrettslaga, men andre er hjarteleg velkomne til å bidra.