Klokka 19 i dag skulle Kvernbit ha møtt Skogsvåg på Fossemyra. Med siger mot botnlaget vil Kvernbit vera klare for 5. divisjon, berre året etter det forsmedelege nedrykket.

MEN: Statens vegvesen syter for at det ikkje blir noko av kampen.

Lyderhorntunnelen i Bergen vest har fredag vore stengt i retning sentrum som følgje av akutt vedlikehaldsarbeid som ikkje var varsla på førehand. Det var torsdag kveld og natt til fredag Statens vegvesen skulle sjekka viftene i tunnelen. Det vart då oppdaga ein alvorleg feil som gjorde at tunnelen måtte stengjast.

Trafikken stod fredag ettermiddag i sju steinar alle vegar, og Skogsvåg ville ikkje klart å komma seg frå Sund på Sotra til kampen mot Kvernbit.

Ved 16.30-tida fredag fekk Strilen stadfesta at kampen vil bli spelt på Fossemyra i morgon laurdag klokka 11.30.