Har starta opp gull-handballag i Knarvik

På den første treninga var Ole Petter den einaste som møtte. No vil han ha fleire med!

Publisert:

Ole Petter synest det var kjekt å bli med på handballtrening, men han ser gjerne at han får fleire lagkameratar i tida framover. Foto: Erlend Kristiansen

  • Erlend Nordland Kristiansen

I mange år har Nordhordland BK hatt eit godt fotballtilbod for personar med nedsett funksjonsevne, som deltar på kampar, turneringar og seinast fotballskule.

Knarvik idrettslag vil ikkje vere noko dårlegare og har derfor starta opp eit tilsvarande handballtilbod for alle over 13 år.

Vil ha fleire med

Nyleg var den første treninga, men berre éin møtte opp – Ole Petter Haugen frå Manger.

Han ser meir enn gjerne at fleire tar turen til den splitter nye handballarenaen på Knarvik barneskule. I det minste fekk Ole Petter ei kvalitetsøkt saman med trenar Hanne Torill Birkeland.

– Eg er veldig imponert, det er masse bra handball i han. Både kastearmen og forståinga av spelet er god. Han klarer å lese keeperen og skyt der keeperen ikkje står, skryter trenaren.

Ole Petter er ikkje dårlegare med komplimenta.

– Eg synest ho er god på å spele og kaste, seier 23-åringen som tidlegare har erfaring frå både fotball, basketball og innebandy.

Du treng berre sjå på det gliset der! Tove Iren Vindenes (til høgre) frå kretsen er imponert over idrettsgleda som Ole Petter Haugen viser. Til venstre er trenar Hanne Torill Birkeland. Foto: Erlend Kristiansen

Les også

Knarvik IL: Handballag på spelarfrieri

Manglar tilbod

Saman med både kommune og krets har Knarvik idrettslag gjort ein innsats for å opprette laget. Men det er ikkje fordi laget er direkte etterspurt.

– Folk etterspør ikkje noko dei ikkje trur finst! seier Tove Iren Vindenes, som er klubbutviklar i Hordaland handballkrets.

– Då eg fekk vite at dei skulle starte eit lag som var tilrettelagt, vart eg veldig gira og ville henge meg på, seier Gunhild Heldal i Meland kommune.

Frå venstre: Tove Iren Vindenes (klubbutviklar i kretsen), Ingunn Fyllingen (sportslig leiar i Knarvik IL handball) og Elin Skråmestø Hinriksson (i styret i Knarvil IL handball). Foto: Erlend Kristiansen

Dei siste åra har talet på såkalla gull-lag blitt stadig større. Det finst fleire lag i Bergen og på Askøy og Sotra. Og no snart i Nordhordland.

– Vi begynte i vinter å ha nokre møte for å nå ut til dei me tenker kan bli med på eit sånt tilbod. Vi har òg hatt kommunane med for å sjå kva dagar det er aktivitetar for denne gruppa og kva som passar, seier Elin Skråmestø Hinriksson, som er i styret til handballgruppa i Knarvik IL.

– Trur du ein vil få folk med?

– Ja, folk er det jo her ute, og eg trur det er mange som likar handball.

– Det er ikkje spelarane som manglar, det er tilbodet som har mangla, følger ein optimistisk Vindenes opp.

Les også

Ekte handballglede for gulingane: – Eg synest det er gøy!

Sjå gliset!

Fokuset er på det sosiale, meistringsfølelse og idrettsglede.

– No har eg stått her og sett litt på Ole Petter. Du treng berre sjå på det gliset der. No får han full merksemd av trenaren og har det som plommen i egget – men han treng nokon fleire med seg, held krets-Vindenes fram.

Ole Petter reiser frå Manger for å vere med på handballtrening i Knarvik. Foto: Erlend Kristiansen

Ho fortel at dei har gjort undersøkingar som viser at berre rundt ti prosent vel å spele både fotball og handball.

– Veks du opp i Nordhordland og er funksjonsfrisk kan du delta på titals ulike aktivitetar. Dei tilrettelagde tilboda er svært avgrensa, og derfor er det viktig å få fleire.

PS: Gull-laget er for ungdom og vaksne – både jenter og gutar – frå 13 år og oppover. Alle er velkomne til å delta på handballtreningane som går føre seg i Knarvik Arena (barneskulen) måndagar frå klokka 18 til 19.30. Lurar ein på noko kan ein kontakte Elin Skråmestø Hinriksson på 41514766.

1 .. 2 .. 3 Foto: Erlend Kristiansen

... og BAM, rett i gollen! Foto: Erlend Kristiansen

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Slik vil dei lokke turistane med på eventyr i den vakre dalen

  1. Knarvik
  2. Håndball