NBK – Radøy, 3–0: I knallvêr på Knarvik Stadion blei det, som venta, både bluss og litt ekstra folk på tribunen.

Ikkje heilt dei same scenene som i 2019, men likevel «En fin dag for fotball», som Arne Scheie ville sagt, med nokre hundre tilskodarar.

Knallstemning frå heimesupporterane. Foto: Henrik R. Hauken
Og, som seg høyr og bør, bluss ved innmarsj. Foto: Henrik R. Hauken

For publikum leverte. «Heia Radøy» runga over tribunen i første omgang, og NBK svara med både flagg og NBK-rop.

Denne gjengen ropte «NBK», og lagde godt med liv då Strilen sin journalist kom forbi på tribunen. Foto: Henrik R. Hauken
NBK-G13-spelarane Lars-Erik, Jakob, Sebastian og Håvard likte det dei såg på bana: – NBK er soleklart best utpå her, kunne Jakob konstatere. Foto: Henrik R. Hauken

Radøy stod godt mot NBK dei første 40 minutta. Så dukka Adrian Osa Sellevold opp.

Adrian Osa Sellevold setter det første etter å ha spelt seg fri på kant. Foto: Henrik R. Hauken

Då rakna Radøy-forsvaret, som elles hadde god kontroll på kampen, sjølv om dei ikkje presterte all verdas framover på bana.

Tre minutt etterpå fekk Andreas Bøe Snekkevik endeleg scoringa si. Han var for anledninga var plassert heilt på topp sidan målgrossist Tommy Gaustad var skada.

Etter kvilen fekk Sellevold nok ein scoring godkjent, sjølv om halve Radøy ropte på offside. NBK vann fortent 3–0 i solskinet i Knarvik.

– Det var lenge sidan eit derby, så kjekt å vinne 3–0. Det var kjempedeilig med mål, og det er ekstra deilig når vi slår Radøy, sa matchvinnar Sellevold til Strilen etter kampen.

NBK-trenar Henning Vetås var nøgd etter kampen. Foto: Henrik R. Hauken

Han får støtte av NBK-trenar Henning Vetås.

– Det er ekstra stas å slå Radøy. Dette er lokaloppgjer og kampen om Nordhordland. Det betyr litt ekstra, men det er tre poeng i banken og det er det viktigaste.

Han meiner NBK hadde kontroll i 80 prosent av kampen.

– Vi er veldig fornøgde. 3–0 er solid.

Radøy-trenar Ola Jøsendal. Foto: Henrik R- Hauken

Radøy-trenar Ola Jøsendal sa i pausen til Strilen at det dei måtte spele litt meir om dei skulle snu kampen, og at det var ein fin øving.

– Eg synest vi har god kontroll den første halvtimen. Så får dei to mål tampen av første omgang, seier Jøsendal, og legg til at den tredje scoringa burde vore annullert for offside.

Radøy ville med siger kome heilt i ryggen på NBK. Tre poeng bak, med ein kamp mindre spelt.

– No må vi jobbe på i haust, så vi framleis er i denne divisjonen, seier Jøsendal og smiler.

Det var bra tenning frå start. Foto: Henrik R. Hauken
Då smilte Radøy-trenar Ola Jøsendal godt. Foto: Henrik R. Hauken
For radværingane hadde god defensiv kontroll innleiingsvis på kampen. Foto: Henrik R. Hauken
Ikkje noko å seie på tribunelivet, sjølv om det gjerne hadde vore fleire her, om ikkje mange lag hadde vore på Lerøy-cup i Sogndal. Foto: Henrik R. Hauken
Ein spent NBK-benk. Foto: Henrik R. Hauken
NBK pressa godt, men Radøy forsvarte seg. Foto: Henrik R. Hauken
Radøy-benken var ivrige og fekk tilsnakk av linjedommaren ved fleire høve. Han meinte at berre hovudtrenar skulle kommunisere med spelarane. Foto: Henrik R. Hauken
Det var ikkje berre Radøy som hadde god kontroll defensivt, og til første drikkepause midtvegs i første omgang, var det 0–0. Foto: Henrik R. Hauken
Å fylle på med drikke var ikkje det dummaste i sola. Foto: Henrik R. Hauken
Då kunne spelarane snakke litt taktikk også. Foto: Henrik R. Hauken
Og ikkje minst fylle på tanken. Foto: Henrik R. Hauken
NBK-trenar Henning Vetås. Foto: Henrik R. Hauken
Radøy hadde god kontroll bakover, men burde kanskje tatt endå fleire overgangar. Foto: Henrik Hauken
Rammene rundt kampen var god. Foto: Henrik R. Hauken
Det gjekk hardt føre seg. Foto: Henrik R. Hauken
Adrian Sellevold får ballen på kant. Og utfordrar. Men denne gong blei det ikkje scoring. Foto: Henrik R. Hauken
Eit klart gult kort. Foto: Henrik R. Hauken
Kontroll. Foto: Henrik R. Hauken
Men så stoppa det. Ali Qasemi var som ein klegg på midtbana. Foto: Henrik R. Hauken
Varmen gjorde spelarane slitne litt tidlegare enn normalt, og Radøy gjorde to byter i første omgang. Her ser vi nummer 10, Preben Mongstad Juvik. Foto: Henrik R. Hauken
Adrian Sellevold utfordrar på ny. Foto: Henrik R. Hauken
Denne gang kan ingen stoppe han. 1–0 til NBK. Foto: Henrik R. Hauken
Då er det lov til å feire litt. Foto: Henrik R. Hauken
Knallharde duellar høyrer med. Foto: Henrik R. Hauken
Radøy var ikkje så mykje framover på bana, men her får Erlend Pollen Nygård ein mogelegheit. Foto: Henrik R. Hauken
Like etter er det NBK som kan feire, og Andreas Bøe Snekkevik set inn 2–0. Foto: Henrik R. Hauken
God kok frå tribunen. Foto: Henrik R. Hauken
Etter kvilen kan NBK feire på ny, når Adrian Sellevold blir spelt gjennom. 3–0. Foto: Henrik Hauken
Det var god kok på tribunen, særleg for dei som heia på dei raud-kvite. Foto: Henrik R. Hauken
I kiosken serverte Ingrid Rebnord Ådnanes, Tuva Pereira-Sanden og Emma Kvamme Kalnes alle som måtte ha ein matbit eller noko å drikke: – Det er god trafikk her, seier dei. Foto: Henrik R. Hauken
Gjengen på tribunen fekk meir enn nok fotball i finvêret. Foto: Henrik R. Hauken
Nydeleg syn. Foto: Henrik R. Hauken
Aleksander Belland Eriksen spelte ein meir enn solid kamp. Foto: Henrik R. Hauken
Det gjorde også Andreas Bøe Snekkevik. Foto: Henrik R. Hauken
På tampen av kampen forsøkte radværingane å presse. Foto: Henrik R. Hauken
Men det blei berre nesten. Foto: Henrik R. Hauken
NBK-keeper Michael Rikstad tok det som kom, og kunne notere seg ein smultring i målprotokollen. Foto: Henrik R. Hauken
Ali Qasemi jobba frå start til slutt, og var godt sliten etter kamp. Foto: Henrik R. Hauken
Belland-superstar. Han måtte signere autograf etter kamp: – Det var utruleg deilig, og fortent, å vinne denne kampen. Foto: Henrik R. Hauken