«Smurfene» tapte 3–2 i semifinalen mot «Hjemvendte helter», men dei sto igjen med eit klart mål. – Det er sjølvsagt kjipt å tape ein fotballkamp, men me går ikkje herifrå utan ein pokal, seier gjengen som var innstilt på bronsefinale. Der blei det dessverre tap mot «Bortkasta potensial», men innstillinga er likevel god. Korleis namnet «Smurfene» blei til er noko usikkert for journalisten, men det blei forsøkt forklart med at det var kreativt, og minna dei om Brann-spelaren Sander Kartum. Foto: Martin Hjellestad

Sveitt, heitt og feitt på Grendacupen

Både ungdommar, damer og menn slo seg laus på kunstgraset på sistedagen av årets grendacup i Knarvik.