For to år sidan flytta Jon Bakken til Masfjorden. Han hadde med noko heilt spesielt. Nemleg lysten til å spela amerikansk fotball.

Bakken har drive lenge med sporten og er trenar for Åsane Seahawks.

I sommar starta han også opp med eit lag i Masfjorden. Laget heiter Masfjorden Navigators og sporten er alt blitt populær på skulane i Masfjorden.

I gymtimane på Sandnes skule blir det ofte spela amerikansk fotball i staden for vanleg fotball.

MOTTAK: Her vert det øvd på mottak.

Ofte styrke som tel

I denne sporten må du ha ein kraftig kropp. Derfor er det lurt å trena ofte viss du skal driva med amerikansk fotball.

Og i Masfjorden Navigators trenar dei mykje styrke.

I motsetning til vanleg fotball, må du faktisk ha godt med styrke i heile kroppen. Du skal passa på dine eigne spelarar med kroppen og det er veldig slitsamt.

På treninga blir det ikkje så mykje speling. Det går for det meste i øvelsar og teori. Dette gjer dei for å vita kva dei skal gjera i mange forskjellige situasjonar.

I kampar er det laget med det beste spelet som vinn, fordi målet er å få ballen og minst ein mann til enden av bana. Har du eit bra spel, klarar du å få det andre laget i ubalanse og du kjem forbi.

POPULÆRT: Tilbodet er alt blitt populært blant ungdommar i Masfjorden.

Veldig lett å læra

– Eg begynte med sporten fordi eg synest det var kjekt, og eg fekk det lett til, seier Johannes Andvik (15), som er med i Navigators.

Han har vore med frå starten og er den eldste som er med på laget.

Han seier at han likte det så godt fordi han fekk god hjelp og oppfølging av Jon.

– Om nokon andre vil begynna så synest eg det er berre bra, fordi det er ein lagsport. Du trenar og kjem i god form og du reiser rundt og spelar kampar. Dette kosar eg meg med og håpar andre vil begynne. Det er lettare enn det folk trur, seier Johannes.

På trening no brukar dei å vera mellom fem og ti personar.

Og når me spør trenar Jon Bakken kvifor han starta opp laget, svarer han enkelt og greitt.

– Det er fordi eg rett og slett ikkje klarer å leva utan amerikansk fotball!