Sidan det er jubileum har arrangørane slått på stortromma for premiering, og byr mellom anna på pinnekjøt og hjortepølser frå Ikeland Gard.

– Som vanleg har me kortreiste premiar, denne gongen frå Kjersti Linn Bakke på Ikeland Gard, heiter det i ei melding frå arrangørane.

Dei har også fått med seg den lokale banken, Sparebanken Vest, som er inne med førstepremie til raskaste kvinne og raskaste mann.

Start ved Sjosio

Motbakkeløpet startar ved grendahuset Sjosio, like ved Mundalsbergtunnelen, på om lag 40 meter over havet. Så spring ein stien opp til toppen av Gladihaug, på 430 meter over havet. Nokre ekstra høgdemeter må deltakarane også forsera, ettersom løypa går litt nedover to plassar før ein er på toppen.

Turklassen startar klokka 10.00, konkurranseklassen har intervallstart frå klokka 11.00.

SPREKINGAR: Kristoffer og Erlend Haugland sprang løpet i 2017 Foto: Gunn Berit Wiik

Ope for alle

Gladihaug Opp er eit arrangement for alle, både små og store, og travle og mindre travle.

– Me håpar mange barnefamiliar vil vera med, seier Halvard Grøttveit i arrangørgjengen.

Oppskrifta er som før: Mjølkesyre, høgdemeter, fin natur og trivelege løparar, heiter det i ei melding frå arrangørane.

– Det er påmelding til løpet via EQ Timing, linken finn ein på Gladihaug Opp si side på Facebook.

Parkering i Knarvik

Det er ikkje plass til allverda med bilar ved Sjosio-huset. Arrangørane oppmodar folk til å setta att bilen i Knarvik. Ein kan til dømes parkera ved gravplassen i Lonsvegen, og så vert det ein passeleg oppvarmingstur inn til start.

Når løparane er vel tilbake ved Sjosio etter løpet lovar arrangørane å stå klar med lappar, kaffi og saft vert det også.