På Knarvikmila? Bruk #strilen når du publiserer bilde i sosiale media.

– Me har hatt rigging i går og i dag, så no er det berre siste finpussen att, seier presseansvarleg Einar Nielsen like før det small i gang.

Han gler seg til å ta imot tusenvis av mosjonistar, uansett tempo. Det pleier alltid å vere «noko nytt», og i år er blant anna eit par av traséane forandra.

– I år har me to nye løyper. Både halvmaraton og ti-kilometeren har fått ny trasé. Det er på grunn av utbygginga av ny helsestasjon. Men me har hatt testkøyring og har berre fått gode tilbakemeldingar, seier han og legg til:

Einar Nielsen (til høgre) var med då det var testløping i den nye tikilometer-traséen nyleg. Ved sidan av han står avtroppande milsjef Eddie Ebbesvik. Foto: Kasper Valestrand

– Du må få med at i år er det Gullstolpen som er det store! Har du lasta ned «stolpeappen» og melder deg på eit av løpa i Knarvikmila, så kan du registrera Gullstolpen som står lett tilgjengeleg. Då er du med i trekninga av 10.000 kroner, seier han entusiastisk.

Fredag: Ungdomsmila – over 2000 ungdommar på ungdomsskule- og vidaregåande-nivå var med.

Fredag: BILDE: Vått, men vakkert då nærmare 200 deltok på Knarvikmila Xtrem.

Laurdag

Kl. 11–17: Messe i Nordhordlandshallen

Kl. 13: YT-stafetten BILDE: Sjå alle som sprang stafetten

Kl. 14: 5-kilometeren BILDE: Sjå glimt frå femkilometeren

Kl. 15: 10-kilometeren BILDE: Sjå glimt frå tikilometeren

Søndag

Kl. 09.30: Messe i Nordhordlandshallen

Kl. 11: Knøttemila

Kl. 11.30: Minimila

Kl. 12: Halvmaraton

Kl. 11–13.30: Naturmila

Som vanleg skal ein også kåre to fjordvikingar – ei kvinne og ein mann – som samla sett raskast gjennomfører Xtrem, tikilometer og halvmaraton.

Det er mogleg å melde seg på fram mot dei ulike løpa. Sjå www.knarvikmila.no for meir informasjon eller sjå deira side om deltakarinformasjon.

Nyleg har det også vore pensjonistseminar i Knarvik kyrkje, konsert med Ytre Suløens Jass-ensemble same staden og Knarvik-konferansen på Nordhordland folkehøgskule.