KONTRING: Her sikrar Sigurd Elias Torpe eit viktig mål på slutten, etter å ha snappa ballen og spurta over heile bana. Foto: Ketil Tjore
KNARVIK: Desse fire spelarane frå Knarvik IL var med på samarbeidslaget. Frå venstre Sigurd Elias Torpe, Trym Sæbø, Andreas Zwartjes og Jonathan Stenersen. Foto: Ketil Tjore
VANN: Knarvik/Bjarg vann Bergen HK sin julecup 2017, i fjortenårsklassen. Her er laget med trenarar. Foto: Ketil Tjore
VANN: Knarvik/Bjarg vann Bergen HK sin julecup 2017, i fjortenårsklassen. Her er laget med trenarar. Foto: Ketil Tjore

Til vanleg møtest dei to laga i seriespelet, men under Bergen HK sin årvisse julecup var dei i staden på same lag. Samarbeidslaget spelte seg heilt til finalen i gutar 14-klassen laurdag, der dei møtte Bjørnar til det som vart ein nervepirrande kamp.

– Me gjorde det slik berre for at det skulle verta spennande, seier Trym Sæbø, som vart kåra til banas beste i finalen.

Etter at Bjørnar leia 3-2 heilt i starten var det Knarvik/Bjarg som drog frå, med leiing først 8-4 og med 10-7 til pause, og etter kvilen 12-8 før Bjørnar kjempa seg inn i kampen igjen. Bjørnar var også i leiinga heilt på slutten, før Knarvik/Bjarg utlikna med siste skåring før sluttsignalet. Etter loddtrekking fekk Knarvik/Bjarg starta med ballen i golden goal-minutta, og der avgjorde dei kampen med 16-15.

Fire frå Knarvik

– Me surra litt på slutten der, og klarte ikkje setta ballen i mål på angrepa våre, seier Sigurd Elias Torpe.

Torpe hadde sjansen frå straffemerket på stillinga 15-15 like før full tid, men ballen gjekk over og Knarvik/Bjarg måtte bruka ein ekstra sjanse for å sikra seg den største pokalen.

Knarvik IL hadde fire spelarar med på samarbeidslaget: Sigurd Elias Torpe (3 mål i finalen), Trym Sæbø (4 mål i finalen), Jonathan Stenersen (3 mål i finalen) og Andreas Zwartjes (målvakt og dermed ingen mål, men gode redningar i den omgangen han spelte i finalen).

Nok spelarar

I den vanlege serien har Knarvik så langt ein fjerdeplass, men med ein kamp mindre spelt kan dei klatra til andreplass om det vert siger i denne hengekampen.

Både Bjarg og Knarvik brukar i serien nokre spelarar som er året for gamle. Men i turneringar som Julecupen får ein ikkje dispensasjon til dette, og dermed vart det i staden eit samarbeidslag slik at dei skulle ha spelarar nok til eit lag i G14-klassen.

– Me har berre hatt nokre få treningar saman, og spelt desse seks kampane som me har hatt her i cupen, seier dei fire Knarvik IL-gutane på samarbeidslaget.

I det innleiande spelet vart det eitt tap, men dei vann altså då det galdt som mest.

God innsats

– Speakeren sa at det hadde vore tett kamp om bestemannspremien, og det stemmer bra, seier Ole Fredrik Torpe, som til vanleg trenar desse gutane i Knarvik IL.

– Det var god innsats frå alle, målvaktene inkludert.

Frå Bjarg var det Eirik Hansen og Jan Gunnar Stenberg som var med som trenarar. Hansen må innrømma at det er Knarvik som har vore sterkast i det vanlege seriespelet.

– Dei vann med seks mål då me møttest sist, seier Hansen, og legg til at det fristar med vidare samarbeid i kommande turneringar.