Det var i starten av august at ein begynte arbeidet med ein ballbinge i Prestesundet i Eivindvik. Steffen Svidal hadde ansvar for å legge ned trekkerør og gjere tomta klar til forskaling, medan Jo Helge Baarøy tok i eit tak for å få støypt ringmur. Mange til har jobba dugnad.

Sjølve ballbingen blei levert flatpakka på kaien 12. august.

No er ballbingen klar, med ei fantastisk flott utsikt over Eivindvik «på kjøpet».

På sikt vil ein invitere til ei offisiell opning, men no vil Eivindvik idrettslag ha forslag til kva den nye bingen kan heite. Fleire har allereie sagt sitt og blant forslaga er Prestebingen, Gulabinga og Bingabula.

Kven som helst kan komme med forslag ved å kontakte idrettslaget eller svare under eit innlegg dei har lagt ut på sine Facebook-sider.

Det skjer også andre ting på idrettsfronten i Eivindvik: På skulen lagar ein kunstgrasbane og det er også planar om ei frisbeegolfbane i bygda.

Frå arbeidet med å lage til ballbingen i august. Foto: Eivindvik IL