Fleire lokale lag og organisasjonar har fått pengestøtte frå Sparebanken Vest. Pengegåvene, som er ein del av ein totalpott på over millionen, blei overlevert frå scena under avslutninga av årets Knarvikmila.

Desse får pengar:

Bjørn West IL: 50 000 kr

Fonnes bygdelag: 40 000 kr

Nordhordland Ballklubb: 40 000 kr

Lindås idrettslag: 30 000 kr

Austrheim ungdomsklubb: 50 000 kr

Skispor

Leiar for skigruppa i Bjørn West, Dina Dyrhovden, set pris på pengane.

– Me vil kjøpa inn utstyr til å laga skikkelege skispor i lysløypa på Haukeland.

Pengegåva på 50.000 kroner er eit godt bidrag til budsjettet som er på kring 250.000 kroner. For dei pengane er planen å få sporsettingsutstyr og ein firhjuling med hengar som skigruppa i Bjørn West kan nytta.

– Pengane er eit godt bidrag, og i tillegg skal me gjera masse dugnad og skaffe midlar på anna vis, seier Dyrhovden.

På Facebook-sida kjem idrettslaget med eit kontroversielt utsegn.

– Det er nesten litt fælt å seie det på ein fin soldag som denne, men no gle me oss til snøen kjem.

Ekstramillion

– I tillegg til dei pengane me i Sparebanken gir ut, så skal me i november arrangere noko som heiter Hjertebank. Då har me éin million å gje ut, der ein lokaljury skal vurdera forskjellige prosjekt. Alle som har noko dei dreiv på med, kan søka om midlar frå denne millionen, seier banksjef for Sparebanken Vest i Knarvik, Liv Erstad.