Ein sliten Halfdan-Emil Færø hentar seg inn igjen etter løpet. Han blei beste nordhordlending. Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen
Foto: Erlend Kristiansen

I løpet av fredag og laurdag var det venta at mellom 5- og 6000 menneske vil gå /springa/krabba seg opp dei krappe svingane og høge trinna opp Stoltzekleiven. Mange av desse er lokale heltar som søker syre.

Trykk her for alle resultat

Sjå her for lokale resultat: (Ser du feil eller manglar namn kan du skrive det i kommentarfeltet på Facebook)

Av solide prestasjonar som er verd å nemna er Amalie Kallestad (AKS-77) som vann klasse jenter 10–11 år med 13.55, Svein Glomnes som vann menn 50–54 år 10.21 og Einar Færø og Klaus Nikolai Takle som tok dei to første plassane i menn 60–64 med 12.02 og 12.16.

I tillegg vart Anita Iversen Lilleskare og Sara-Rebekka Færø Linde beste kvinner i 35–39, Sigrun Molland nummer tre med 15.57 i kvinner 65–69 og Leif Molland nummer to i menn 70–74 med 13.28.

Beste nordhordlending vart Halfdan-Emil Færø med 9.13, ei solid tid sjølv om det var eit stykke par «persen». I tillegg til desse kom Anita Iversen Lilleskare på 2. plass i kvinneklassen totalt med 10.16.

Foto: Erlend Kristiansen