Var du på Knarvikmila? Bruk #strilen når du publiserer bilde i sosiale media.

Det begynte med ein dusj på ungdommane og «ekstremfolket» fredagen, men sidan vart det berre sporadisk regnbyer. Humøret var på topp, oppladninga god og kroppen til dei fleste hang nokolunde saman. Her er noko av det vi såg gjennom Knarvikmil-helga:

Fredag

UNGDOMSMILA: Over to tusen ungdommar samla seg i Knarvik for å «springa frå seg» under Ungdomsmila. Nokon tok det roleg, andre igjen låg igjen som «slakt».

Det er deilig å «chille» litt etter løp, som ungdommen ville sagt det. Foto: Lise Viken.

XTREM: Det heiter ikkje Xtrem-løp for ingen grunn, men veret gjorde sitt for å gjere det endå meir ekstremt. Det var sagt etter løpet at nokon hadde svømt fleire kilometer gjennom skogen. Les gjerne saka om Rebekka, som vart så glad at ho begynte å grine etter sitt vinnarløp

Rebekka Birkeland deler vinnargleda med funksjonær Birger Tomasgard. Foto: Erlend Kristiansen

LAURDAG

Politiet og brannvesenet var best (1. og 3. plass), men dei som stal showet under YT-stafetten var kanskje ein liten gjeng frå Alver kommune eller dei lokale prestane, som sprang i presteskjorte.

Det var også mange hundre som kasta seg i på fem- og tikilometer-distansane.

Politiet vann årets YT-stafett. Det var heller ikkje første gong politiet viser at har fart i beina. Foto: Kaspar Knudsen
Prestelaget var i godt humør etter løpet. Frå venstre: Helge Taranger, Tone Marit Håland Dyrkolbotn, Geir Øy, Hans Kenneth Sundsbø og Torbjørn Omli. Foto: Kaspar Knudsen

SØNDAG

Minimila, Knøttemila, Naturmila og halvmaraton: Siste dagen vart ein flott dag for familiane, men også dei barske, som kasta seg i 21,1 seige kilometer.

Skolissene må ein knyte før ein skal springe. Foto: Lise Viken
«Eg er klar!» Foto: Lise Viken
«Leeet’s go!» Foto: Lise Viken
Knarvikmila blir berre meir og meir internasjonalt. Les saka om kor mange nasjonalitetar som er med på løpsfesten. Foto: Eddie Ebbesvik