Helga 31. august til 2. september var fleire lokale utøvarar frå Nordhordland med til Overhalla for å konkurrera under UM i friidrett (NM for ungdom 15-19 år).

AKS-77 hadde med 3 utøvarar som var med på UM for første gong. Anders Vik hadde første øving fredag morgon, og etter dei to siste vekene med trening og lange diskoskast opp mot 60 meter, var forventningane store. Han måtte sikra seg for å komma vidare til finaleomgangane, der fekk han opp eit gyldig resultat med 50,83 m og sikra seg sølvet, men var litt skuffa over resultatet.

Sette pers etterpå

Gullet gjekk til Steffen Melheim frå Olden som sette ny stemnerekord med 62,96. I søndagens kulekonkurranse var forventningane lågare og nervane borte. Då går det som regel mykje betre, her sette Anders ny pers med 14,95 meter, ei betring av pers på nesten 1,5 meter. Dette resultatet gav han 3. plass i ein svært tøff årsklasse der dei åtte beste kasta over 14 meter.

Her må det leggast til at Anders Vik i veka etter UM deltok i eit seriestemne på Voss. Her sette han kretsaldersrekord i 1 kg diskos G-15 med eit kast på 56.15 meter, 14 cm lengre enn Jørgen Olsen Austenes sin gamle kretsrekord frå 2009. Vik hadde også eit kulestøt (4 kg) på 14,88 meter.

Gull i stafett

Kristoffer Hopland fekk tøff konkurranse på 800m og 2000m, men leverte tider heilt ned mot pers. På 800 meter var det så mange deltakarar at dei måtte ha 3 heat. Kristoffer fekk springa i det raskaste heatet, og hang lenge med, men litt tunge bein gjorde at han ikkje klarte å vera med heilt inn denne gongen.

Kristoffer var også med på stafettlaget til samarbeidsklubben Norna-Salhus, og leverte ein solid 3. etappe på laget som gjekk heilt til topps i klassen gutar 15 år.

Sterke resultat

Linnea Thorsheim deltok kun på slegge laurdag, kastinga gjekk tungt, og ho enda ein del bak pers.

Andrea Thorsheim og Hedda Hauge Aasgård (Bergen turn) har meisterskapserfaring frå før i både UM, og junior-NM, og leverte nok ein gong gode resultat.

Andrea sikra seg ein gledeleg 2. plass i høgde etter ein tung sesong.

Hedda tok sitt første UM-gull i diskos, og ein sterk 3. plass i slegge i sin årsklasse.