Medan førstelaget til NBK spaserte seg inn til ein overlegen siger i sin semifinale, måtte andrelaget gjennom ein mykje hardare kamp mot Radøy 1 for å komme seg til finalen. I tillegg hadde ungdommane til NBK kortare kviletid før finalen enn det NBK 1 fekk.

Joachim Smørdal på NBK 2 scora det første målet i finalen, og godta seg stort over sigeren mot «veteranane» på førstelaget.

– Dei har vore så cocky dei siste dagane og sagt at dei skal knuse oss. Og så kjem vi her og tar dei på innsatsen. Vi er ein herleg gjeng, som har den kvaliteten som trengs, fortel Smørdal med eit stort glis etter kampslutt.

Spelarane på NBK 2 var i første rekke unge spelarar. Dei var klare for kamp mot «veteranane». Foto: Kasper Valestrand

God stemning

Lokalcupen for herrelag i Alver blei arrangert for første gang i fjor. Cupen blei kokt i hop av NBK og Radøy, og så blei Kvernbit invitert med.

I år var også Lindås med på cupen.

– Det er kjempegøy å arrangere dette, og ein ser at alle saman kosar seg. No er planen at cupen i alle fall skal arrangerast ein gong i året, og kanskje dukkar det opp ein cup i slutten av sesongen òg, fortel arrangør Espen Kjenes frå NBK.

Opp og fram

Joachim Smørdal frå vinnarlaget NBK 2 fortel med eit glimt i auge korleis det blir å møte spelarane frå førstelaget den neste tida.

– No blir det plaging og erting, og dei må ta inn utstyret etter treningane. No er det vi som skal opp og fram!

På veg opp. NBK har rykka opp frå 5. til 4. divisjon før denne sesongen. Kanskje desse to frå NBK 2 får vise seg fram på bana i år?
– Dei kjem til å gjere alt for vinne her, var meldinga spelarane på NBK 1 ga kvarandre før finalen mot andrelaget. Men tap blei det.
NBK 2 hadde før finalen ein knallhard kamp mot Radøy i sin semifinale.
NBK-trenar Bent-Inge Sellevold var for dagen trenar for NBK 2.
Tommy Gaustad frå NBK 1 gjekk ned med skade tidleg i finalen, men han kom seg opp att.
Spelarane frå NBK-laga helsa på kvarandre før finalekampen i Nordhordlandshallen laurdag.
Keeperane til NBK-laga fekk instruksjonar før finalen.
Skade også hos NBK 2.