Med det delte ho førsteplassen med venninna Kristin Husum frå Leikanger.

Norma Open er det nest største innandørstemnet i landet med i ca 950 deltakarar. Berre Oslo Open er større med ca 1100 skyttarar.

I helga tok 23 Gulen skyttarar turen over fjellet for å få med seg desse to pluss to stemner til.

DELT FØRSTEPLASS: Mathilde Håvåg Wergeland og Kristin Husum. Foto: Arild Wergeland

Det var mykje god skyting av fleire, men Mathilde Håvåg Wergeland var den som fekk det beste enkeltresultatet. Med sigeren i klasse Rekrutt vart ho også kvalifisert til Superfinalen, som er heilt spesiell for dette stemnet. Der blir dei to beste frå kvar klasse kvalifiserte og skyt mot kvarandre uavhengig av klasse.

Finaleskytinga var skikkelig showprega, der ein skaut enkeltskot under dunkande musikk, dempa belysning og ein ivrig speaker som kommenterte skot for skot.

Mathilde enda som nr 10 i finalen, som "legenda" Odd Kolsrud på 78 år vann.

Resultat : http://kisen-live.no/LiveRes/data/1-Common-1.htm