Trond Helgheim Spurkeland arangerer ikkje berre motbakkeløpet Piltevarden Opp i Gulen kvar vår, han er også primus motor for motbakkeløpet Kistekleiva Opp i Bergen.

Etter flaumen i Eidsvåg i august, der vatnet flauma frå ein dårleg demning ved Munkebotsvatnet, var det tvil om årets løp kunne gå i Kistekleiva frå Eidsvåg. Men no er vegane ordna, og det vert same trasé som før.

– Her kan du rulla, gå eller springa, og så møtest me alle på toppen til utdeling av premiar, mat og drikke, seier Spurkeland.

– Me startar frå Eidsvåg-sida, og kjem i mål rett før Langevatnet. Løypa er 1,1 kilometer og går på fin turveg.

– Det er deltakarklasse både med og utan tidtaking, og ein kan sjølvsagt ha med seg følgje.

Det er premieutdeling i ulike klassar, og t-skjorte til alle som er med. Initiativtakar og motbakkeentusiast Spurkeland har med seg Varegg IL og Bergen kommune ved Idrettsservice som arrangør.

– Det er start trim utan tidtaking klokka 11.00, og så start konkurranse med tidtaking klokka 11.30. Det kostar 100 kroner å vera med, men gratis for følgje/ledsagar.