– Viss du har lyst å kome, er det plass her! seier Emanuel Ivan og smiler.

Den humørfylte karen frå Alversund elskar å spele el-innebandy.

Gutane er utstyrte med ein heilt rå og elektrisk rullestol som går i 15 km/t – nesten dobbelt så kjapt som ein vanleg rullestol. Den går raskt frå høgre til venstre ved hjelp av ein joystick, samtidig som ein skal prøve å kontrollere ballen med den kryssforma kølla i fronten.

– Det tar litt tid. Du må øve mykje for å få kontroll på ballen, seier Emanuel.

Andre som driv lagidrett, avlyser om dei berre er fire på trening. Det er ikkje eit alternativ for Emanuel og elbandy-gjengen til IL Alvidra, som møtest i Nordhordlandshallen kvar måndag frå klokka 17.

For dei er berre fire stykk på heile laget.

– Det er action, det er feitt. Og blir vi fleire på treningane, kan vi melde oss på fleire turneringar, reklamerer Aron.

– Folk burde bli med fordi det er action! Det er gøy å spele og samarbeide, og det er fint å ha ein idrett, seier lagkamerat Jenno.

I ein duell med lagkamerat Emanuel forsvann ei tann. – Men ho var laus frå før, seier Aron, som likevel har eit breitt og herleg glis på lur. Foto: Erlend Kristiansen

Trakkar til på trening

For det kan smelle godt. Det er ikkje berre kjære mor fordi ein speler bandy i ein rullestol.

– Det kan smelle ekstremt, du må passe på kva du gjer, så du ikkje skader andre. Eg blir litt for ivrig av og til, men eg tenker på andre si helse, seier Emanuel og humrar, før han får vite at han var med å slå ut ei litt laus tann hos Aron ei veke før.

– Hæ, gjorde eg, sånn dønn? Korleis!? seier han forbausa.

Guttane smiler og ler. Det skal tydelegvis smelle litt.

Innebandy-kvartetten, frå venstre. Tor Halvard Bjørgen (13 år, frå Loddefjord), Emanuel Ivan (16 år, frå Alversund), Aron Sudmann (12 år, frå Seim) og Jenno Springer (20 år, frå Hundvin). Foto: Erlend Kristiansen

– Får ut energi

Trenarduo, og mor og far til Jenno, Jörg og Manuela Springer, fortel at ungdommar som vil, kan kome innom og prøve seg. Det gjeld uansett kva funksjonsnedsetjing ein har. Ein kan også kome innom berre for å sjå på.

Dei har eit par stolar tilgjengeleg for dei som ønskjer å teste ut el-bandy.

Kor du er frå, om det så er Austrheim, Fedje, Alver eller Bergen, har ikkje noko å seie. Og det er bortimot gratis å vere med.

– Det er veldig bra engasjement og trening. Den energien dei har i seg, får dei ut her på bana, seier Jörg.

Tidlegare har dei vore åtte stykk, også jenter. Dei har også reist på kampar og turneringar i både Bergen og Stavanger.

– Har du sjølv prøvd el-bandy?

– Ja, eg har prøvd og feila. Å ha ei god joystickhand er ein stor fordel. Unge lærer veldig fort, så for dei fleste går det ganske raskt. I løpet av eit halvt år har dei fleste fått dreisen på det. Hos dei eldre tar det kanskje litt lenger tid, om ikkje dei har brukt joystick så masse før, seier Jörg.

Emanuel er ein drivande god elbandyspelar. Ikkje berre er han flink til å flytte seg, han er også god til å fyre opp seg sjølv og lagkameraten med engasjerande kommentarar. Foto: Erlend Kristiansen
– På treningane er det fokus på ballbehandling, ferdigheiter, strategi og samspel. Vi bruker også masse tid til å spele, seier Jörg Springer. Foto: Erlend Kristiansen
Vil du bli tjommi med desse karane? Då er det berre å hive seg med på ei trening. Foto: Erlend Kristiansen
– Det er action, det er feitt. Og blir vi fleire på treningane, kan vi melde oss på fleire turneringar, seier Aron om kvifor fleire burde teste ut el-innebandy. Foto: Erlend Kristiansen
Bak på stolane står namna oppførte: Jenno, Aron, Emanuel og Tor Halvard. Foto: Erlend Kristiansen