NBK-flagget flagrar høgt om dagen. A-laget rykte opp til 4. divisjon, medan dei aldersbestemte laga gjorde det bra. ENK J19 blei til dømes kretsmeistrar.

I helga feira dei 40 år, og har i den forbinding publisert feiringsvideoen «NBK - en klubb å vokse i» på YouTube.

– Vi ønskte at folk skulle kjenne seg stolte av å vere ein del av Nordhordland Ballklubb, seier marknad og arrangementansvarleg Øystein Johansen til Strilen.

Byrja med låten

Lene Nesse i klubben ønskte så inderleg å lage video til NBK sitt 40-årsjubileum. Det heile starta med låten «A million dreams» av P!nk.

– Vi ville fremme aktiviteten i klubben og eg synest vi har gjort det på ein grei måte med at vi har involvert alle generasjonane frå dei heilt minste – til æresmedlem Helge Vetås. Då paste den låta bra.

Det var også viktig for Johansen å få med slagordet.

– NBK skal vere ein klubb du kan vekse i, som skal ivareta draumar til til både unge og trenarar. Vi vaksne kan også drøyme, seier Johansen entusiastisk.

  • Sjå videoen over ved å trykke på play.

Frå lokalt medieselskap til Brann Stadion

Mannen bak produksjonen er Leif Erik Gullanger i Frekhaugbaserte Digital Creations.

– Han har vore viktig for at videoen blei så bra. Han har «catcha» korleis vi ville ha det, sjølv om han ikkje har erfaring med fotball. Det er kjekt at det finst så mange flinke folke i regionen, skryt Johansen.

Han er også over seg av skryt til dei fem barna i videoen.

– Dei har levert varene og verkeleg fått fram bodskapen.

Også Brann stilte med opne armar.

– Det er stort at ein klubb som Brann berre gir oss nøklane til Brann Stadion, på så kort varsel, så vi kan filme der ein kveld. Det var store auge på dei minste då dei kunne gå inn på grasmatta. Det er kjekt at Brann har den tilnærminga til lokalfotballen.

Allereie har videoen fått den responsen som Johansen ønskte.

– Ein som har vore med i alle år la videoen ut på Facebook, med tittelen «Dette er min klubb». Det betyr mykje for oss.

NBK har fått videomateriale av Strilen, som har blitt brukt i filmen. Det har blitt gitt vederlagsfritt.

Foto: Digital Creations/skjermdump