Eigentleg var det ikkje så gale å vere idrettsutøvar i det store utlandet – inntil eit, etter kvart, ganske så kjent virus gjorde seg gjeldande.

Kjappa seg heim

– Den siste månaden har vore ganske spesiell, seier Benedicte Håland frå Baløy i Austrheim.

I januar flaug ho ned til Milano og reiste vel timen nordover til Lugano i Sveits, kor ho etter planen skulle spele fotball fram til sommaren. Men nokre veker tilbake, og etter berre tre kampar spelt, kom beskjeden om at det kom til å bli lite fotballspeling framover.

– Vi hadde siste trening om kvelden tysdag 10. mars. Dagen etter fekk vi beskjed om at vi ikkje kunne trene lenger. Dei neste dagane skjedde det ganske mykje fort. Dei snakka om å stenge grensene og klubben sa det var greitt at vi kunne dra, så eg drog. Det var om å gjere å komme seg heim medan ein kunne.

Byen Lugano ligg heilt opp i grensa mot Nord-Italia og Lombardia-regionen, som vart hardt råka av koronaviruset. – Vi hadde spelarar og trenarar som kom til og frå Italia kvar einaste dag, seier Håland. Foto: Privat

Laget viste stigning

Men heimturen 15. mars gjekk ikkje via Milano, som var stengt ned. Ho fann seg eit fly via Zürich og kom seg greitt heim til Baløy, der 14 dagars karantene venta.

– Korleis var opphaldet sånn elles?

– Trass i at vi tapte dei tre kampane, følte eg at vi begynte å bygge opp ei tru i laget. Sjølv om det ikkje er det viktigaste no, hadde eg sett for meg at det kom til å bli meir enn tre kampar då eg drog ned i januar, seier Håland.

TV-redning eller berre Benedicte Håland som har funne storformen på heimebane? Antakeleg det siste. Foto: Privat
Sidan Benedicte kom heim igjen i bygda har lokalbefolkninga ikkje slite med at ballane går på sjøen lenger. Dei plukkar nemleg ho ein etter ein. Foto: Privat

Treningsopphald heime

– Karantenelivet på Baløy då?

– Heldigvis bur eg ganske fint her, sjølv om det er lenge sidan eg har vore så lenge heime samanhengande, seier ho og flirer.

– Pappa har spikra opp fotballmål, så eg har vore ute på plenen og hatt fine moglegheiter for å få trent likevel. Heile familien får stille opp som keepertrenerar, humrar ho vidare.

Kontrakten med Lugano er no broten, men...

– Dei har gitt signal på at dei ønsker å ha meg tilbake. Det er absolutt noko å tenke på, seier austrheimingen.

Det er rart å ikkje trene og spele kampar. Det blir mykje innetid, seier Marie Skurtveit Davidsen. Trening på matte heime i stova har blitt eit daglegdags rituale. Foto: Privat

Trener heime

Handballkeeper Marie Skurtveit Davidsen frå Landsvik på Holsnøy, har også fått avbrote sesongen i Tyskland. Ho bur i byen Erfurt og speler for laget Thüringer i den tyske eliteserien. Då Strilen snakka med henne i månadsskiftet, var ho framleis i bratwurst-landet, men med mål om å komme seg heim rundt påsketider.

– Livet er veldig annleis, det blir mykje innetid. Eg er jo van med å vere heime og slappe av mellom øktene, men no står eg opp, et frukost og trener styrke i stova, så har eg gjerne ei lita økt på kveldstid også.

Den einaste ho har vore med dei siste vekene, er sambuaren. Ei stund tilbake var også foreldra på besøk. Dei fekk med seg ein kamp, men ikkje den neste, som blei avlyst. Dei fór heim og såg gjerne at dottera følgde etter.

Marie Davidsen speler for Thüringer, som er frå byen Erfurt i Tyskland. Foto: Privat

– Eg må gjere det beste ut av situasjonen. Eg skulle gjerne spelt handball, men det er ikkje det som er fokus no.

Serien, kor Thüringer låg på femteplass, er kansellert. Ei cupfinale-helg i Stuttgart gjenstår, men den heng i ein tynn tråd.