Rallycrosstalentet frå Radøy, Emilie Haukeland, køyrde veldig bra på Lånkebanen på Hell i Trøndelag under NM-opninga i helga.

Ho var som vanleg beste kvinne og enda til slutt på 4. plass i juniorklassen – ein blanda klasse for alderen 14–21 år.

– Det var veldig gøy. Eg hadde ikkje trudd det skulle gå så bra som det gjorde, seier Emilie til Strilen.

No fortel ho at ho satsar for fullt med eige lag.

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!

Send inn
Erlend Nordland Kristiansen

Fekk gullskoen tilbake

Ein rørt Gunnar Gaulen tar imot overraskinga. Foto: Henrik Hauken

Det blei emosjonelt då veterangjengen i FIL AKS-77 heidra Gunnar Gaulen i Knarvik.

Etter at Gunnar Gaulen mista alt han eigde då huset brann for litt over to månadar sidan, har venene jobba på.

Dei ville heidre sin mangeårige klubbkamerat, som framleis har ni rekordar ingen er i nærleiken av.

Sjå heile reportasjen her:

Erlend Nordland Kristiansen

Orienteringssuksess på Eikanger

Astrid Myklebust og Hilde Johansen i farta. Foto: Eikanger IL

Nordhordlandskarusellen i orientering vart arrangert på Eikanger nyleg. Det vart suksess med fint vêr og over 50 deltakande.

Erlend Nordland Kristiansen

Lokalfotballen: 7-2, 7-1 og 6-0

Tommy Gaustad er tilbake i godt gammalt slag. Måndag scora han årets to første seriemål. Foto: Henrik Hauken (arkiv)

Menn

4. div. avd. 01: Nordhordland-Austevoll 2–2 (Tommy Gaustad x2)

  • Den seige sesongstarten for NBK held fram. Står med 0-3-3 på dei seks første. I denne kampen scora dei tre mål, men når det eine er sjølvmål og det siste målet i kampen er ei Austevoll-scoring i det 84. minutt, så blir det vanskeleg.

5. div avd. 03: Masfjord/Gulen-Kvernbit 2–7 (M/G-mål: Sindre Haugsdal og ukjent. Kvernbit-mål: Joachim Hopsdal x3, Andreas Sandvik x2, Tobias Verlo og Ole Moen) Viking-Radøy 6–0, Viggo-Austrheim 1–0.

  • Joachim Hopsdal på Kvernbit, som har tatt steget opp frå Kvernbit 2, herjar i 5. divisjon også. For Radøy og Austrheim blei det verre. Å gå frå ein 5. divisjonskamp utan å score mål gjer vondt. Dei to er no nummer 10 og 11 av 12 lag på tabellen og må begynne å plukke meir poeng snarast.

6. div avd. 04: Kvernbit 2-Mann 2–2 (K2-mål: Sebastian Tangen og Sondre Gundersen), Hausvik-Radøy 2 3–0, Arna-Bjørnar 2-NBK 2 3–0.

  • Mens NBK og Radøy sine andrelag gjekk på smellar på bortebane, så held Kvernbit 2 fram med å levere. Står med 10 poeng på seks kampar, som er absolutt godkjent for det nykomponerte 2-ar-laget.

7. div avd. 02: Vadmyra 4-Nordre Holsnøy 1–7 (NHIL-mål: Lasse Solstrand x4, Eskil Verlo, Cedric Bransdal og Filimon Ghebremichael)

  • Tre kampar utan tap og 7-1 på bortebane. NHIL og særleg Lasse Solstrand har fått i gang maskineriet.

7. div avd. 05: Kvernbit 3-Fri 2 3–0 (K3-mål: Kristian Brakvatne, Øystein Brattlid og Even Jondahl)

Når det står 3-0 i lokalfotballen trur ein ofte det er «walkover». Det var det ikkje i dette tilfellet. Kvernbit sitt rutinerte mannskap var solide: «Veldig mange gode prestasjonar av både dei som starta og kom inn i dag. Men me må vel få lov til å trekka fram Kristian Andås som ein gigant i dag. Han var umogeleg å ta ballen frå, eller skubba seg på», skriv trenar Håvard Brakstad Moen.

Kvinner

4. div kvinner: NBK-Valestrand Hjellvik 2–1 (NBK-mål: Karina Høvik og Bente Haveland)

  • All action – både gule kort og mål – kom i første omgang. Når NBK-damene så klarte å ri på leiinga i andre omgang kunne dei innkassere tre poeng og eit viktig steg oppover tabellen.

5. div kvinner avd. B: Kvernbit-Radøy 6–2 (Kvernbit-mål: Gjena Topalli x4 og Tomine Albrechtsen x2. Radøy-mål: Maja Hermansen og Andrea Marøy)

  • Gjena Topalli i toppslag då Kvernbit tok årets første trepoengar i naboduellen mot Radøy. Radøy står med tre tap på dei tre første, men anar nok sjansen for revansje når dei møter sisteplass-kollega Dale/Stanghelle/Vaksdal i neste runde.

7-ar:

Menn 7-ar avd. 01: Arna-Bjørnar-Eikanger 8–3

Kvinner 7-ar: Masfjord/Gulen-Juristforeningen 1–2 (M/G-mål: Hannah Aurora Rutledal)

Erlend Nordland Kristiansen

Strilar til motbakke-EM

Gasella frå Ostereidet, Halfdan-Emil Færø, skal til Frankrike for å springe med flagget på brystet. Her frå ein vinterkarusell på Eikanger. Foto: Stanley Hauge

Fleire strilar er tatt ut til å springe under EM i motbakke og terreng går av stabelen i franske Annecy 31. mai til 2. juni.

Søskena Sara-Rebekka Færø Linde og Halfdan-Emil Færø skal springe høvesvis kort løype og motbakkeløp, mens Anita Iversen Lilleskare også skal springe motbakkeløp.

I tillegg er også Halfdan-Emil Færø si kone, motbakkedronninga Karoline Holsen Kyte frå Førde, tatt ut til å springe motbakkeløp.

Erlend Nordland Kristiansen

Fotballkampar i helga

Austrheim skal til by’n i helga. Her frå møte med Masfjord/Gulen på Dalsøyra. Foto: Erlend Kristiansen (arkiv)

Det er duka for nok ein runde i lokalfotballen. Mellom fleire oppgjer mot bylag, er det også nokre fine lokaloppgjer. Blant anna tar Masfjord/Gulen sine herrar imot Kvernbit fredag kveld, mens Kvernbit-damene tar imot Radøy søndag kveld.

Menn

4. div. avd. 01: Nordhordland-Austevoll (måndag kl. 19.30)

5. div avd. 03: Masfjord/Gulen-Kvernbit (fredag kl. 19.30), Viking-Radøy (fredag kl. 19.30), Viggo-Austrheim (laurdag kl. 13)

6. div avd. 04: Kvernbit 2-Mann (laurdag kl. 15), Hausvik-Radøy 2 (laurdag kl. 15), Arna-Bjørnar 2-NBK 2 (søndag kl. 19)

7. div avd. 02: Vadmyra 4-Nordre Holsnøy (laurdag kl. 15)

7. div avd. 05: Kvernbit 3-Fri 2 (søndag kl. 19)

Kvinner

4. div kvinner: NBK-Valestrand Hjellvik (søndag kl. 19)

5. div kvinner avd. B: Kvernbit-Radøy (søndag kl. 18.30)

7-ar:

Menn 7-ar avd. 01: Arna-Bjørnar-Eikanger (laurdag kl. 13)

Kvinner 7-ar: Masfjord/Gulen-Juristforeningen (søndag kl. 15)

Erlend Nordland Kristiansen

Anita vann Askøy på langs

Anita Iversen Lilleskare frå Litleskare i Alversund vann i helga det tøffe løpet Askøy på langs.

Etter 3 timar, 29 minutt og 15 sekund kunne ho hoppe i mål på signatur-vis (sjå video over).

– Krampe!! seier ho mens ho smiler og ler over målstreken.

Lilleskare, som vann på ei endå raskare tid i fjor, tok ein prat med Strilen si søsteravis, Askøyværingen, etter målgang.

– Eg trur eg sprang ein liten snarveg i fjor ved ein feil, så det gjekk nok nokre få minutt der, seier og smiler.

Den tøffe turen gjennom Askøy-terrenget tok ho i vanlege joggesko.

– Sjølv om det er mykje variert terreng, er løypa og vêret så bra at det tillét det. Det er utrolig kjekt å delta, og eit veldig fint arrangement. Undervegs ser ein seg rundt og tenker «Askøy er så nydeleg», fortel ho.

Anita Iversen Lilleskare i farta. Foto: Ole Martin Dåvøy Skår (Askøyværingen)
Erlend Nordland Kristiansen

Sjå bilda frå Tinestafetten!

Sofie Myksvoll og Hannah Deborah Atonso Mbenlje frå Nordhordland kristne grunnskole var spente før løpet. Foto: Hegel Alberta Wilhelmsen

Det var stor stemning då ein ny generasjon med atletar fekk erfare at stafett er stafett.

Følgande bygder/skular var påmeldt stafettfesten på Knarvik stadion:

Alversund, Austebygd, Eikanger, Grasdal, Kaland, Knarvik, Leknes, Lindås, Manger, Myking, Nordhordland kristne grunnskole, Rossland, Sagstad, Seim, Vestbygd + eit par skular frå Bergen, Osterøy og Samnanger.

PS: Ifølge Tinestafetten sitt «stafettkart» har det også blitt sett opp stafettar på Ostereidet, Sandnes, Nordbygda, Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes. Skulle nokon ha bilde frå desse arrangementa, er det berre å sende til tips@strilen.no.

Erlend Nordland Kristiansen

Slik gjekk lokalfotballen

Foto: Knut Torkilsen Horvei

Det vart ein røff serierunde for våre lokale seniorlag denne runden som var. Berre 1 av 10 lag – det vil seie Kvernbit 2 i 6. divisjon herrar – klarte kunststykket å sikre tre poeng. Elles er det berre uavgjort og tap å melde.

Men det fine med fotballen er; det kjem alltid ein ny serierunde!

Menn

4. div. avd. 01: Askøy 2-Nordhordland 3–0

5. div avd. 03: Sotra 2-Masfjord/Gulen 6–1 (M/G-mål: Iver Halland)

6. div avd. 04: Flaktveit 2-Kvernbit 2 2–3 (K2-mål: Sebastian Tangen, Vebjørn Dalstø og Mykhailo Cheveliuk), NBK 2-Tertnes 2 2–2 (NBK2-mål: Nicholas Aase og Petter Sandvik), Gneist 2-Radøy 2 8–2 (Radøy 2-mål: Sindre Bøe x2)

7. div avd. 02: Nordre Holsnøy-Hausvik 2 1–1 (NHIL-mål: Cedric Brandsdal)

7. div avd. 05: Fri-Lindås 5–3 (Lindås-mål: Magnus Thorson, Andreas Bruvoll og Ebrima Touray)

Kvinner

4. div kvinner: NBK-NHHI 1–3 (NBK-mål: Marion Monsen)

7-ar

Menn 7-ar avd. 01: Eikanger-Hovding 0–3

Kvinner 7-ar: Øygarden-Masfjord/Gulen 8–1 (M/G-mål: Mathilde Birkeland)

Erlend Nordland Kristiansen

Slik gjekk kampane i helga

Lindås-damene var solide på heimebane i helga. Foto: Privat

Kvinner

4. div kvinner: Lyngbø 2-NBK 8-1 (NBK-mål: Valborg Bertelsen)

  • Stjernesmell for NBK-damene. Fekk tre mål i sekken første ti minutt, før Bertelsen reduserte i det 30. minutt. Slik var stillinga lenge, før Lyngbø skrudde på turboen i 2. omgang.

5. div kvinner avd. B: Radøy-Bjarg 2 0-2, Lindås-Ørnar 4-0 (Lindås-mål: Hege Hatlem x2, Annette Hovland og Bergit Ynnesdal), Minde-Kvernbit 1-1 (Kvernbit-mål: Gjena Topalli)

  • Nedtur for Radøy, brukbart bortepoeng for Kvernbit og ein skikkeleg opptur for Lindås-damene, som fekk seg ein nasestyvar i første kamp.

Denne Lindås-trioen scora mål i helga. Foto: Privat

7-ar kvinner: Masfjord/Gulen-Frøya 3-1 (M/G-mål: Mathilde Vågseth x3)

Menn

4. div. avd. 01: Nordhordland-Arna-Bjørnar 1-1 (NBK-mål: Sølve Vik Helgheim)

  • Eitt poeng er «aldri nok» på heimebane, særleg når ein stod med eitt poeng etter tre kampar. Men når ein veit at AB er eit topplag og at NBK måtte jage utlikning, så er det ikkje så halvgale resultat likevel.

5. div avd. 03: Masfjord/Gulen-Austrheim 1–0 (mål av Henrik N. Daae), Minde-Radøy 3–2 (Radøy-mål: Alexander Valdersnes, pluss sjølvmål), Kvernbit-Sotra 2 1-2 (Kvernbit-mål: Sondre Lædre)

6. div avd. 04: Kvernbit 2-Bergkrystall/Ørnen 2 2-0 (K2-mål: Kristian J. Henriksen og Sabit A. Chinda) og Radøy 2-NBK 2 0-2 (NBK2-mål: Tommy Litleskare og Joakim Gaulen Vågstøl)

  • Å halde nullen i 6. divisjon er ikkje berre berre, så i lys av det var det ein krutsterk runde for både Kvernbit 2 og NBK 2. Radøy 2 har komme skeivt ut or hoppkanten med eitt poeng på første fire og må reise kjerringa i dei neste par kampane.

7-ar menn: Ny-Krohnborg-Eikanger 6-2 (Eikanger-målscorar ikkje oppgitt)

Tysdag: 7. div herrar avd. 05: Lindås-Hovding (tysdag kl. 20)

Erlend Nordland Kristiansen

Oline vann sykkel

Oline viser fram sitt nye glis utanfor Sport 1, som har vore med å sponse sykkelen. Det er kanskje vanskeleg å sjå på bildet, men den er rosa og matchar dei kule kleda til den spreke 8-åringen. Foto: Erlend Kristiansen

Før helga fekk Oline (8) frå Knarvik ein splitter ny sykkel. Det var fordi ho hadde vore så flink å gå på mange turar til Gamleskulen og Indregardsfjellet i Knarvik i løpet av fjoråret.

– Eg gjekk på tur fordi eg ville vinne sykkel. Det er både kjedeleg og gøy å gå tur, seier Oline, etter å ha fått den nye og stilige sykkelen mellom hendene.

På desse to turfavorittane er det plasserte ut bøker, som både store og små kan skrive seg i. Men – barna må skrive seg i barneboka. Då kan dei nemleg vere med i konkurransen om flotte premiar frå idrettslaget, uavhengig om ein er medlem eller ikkje. Tur til Indregardsfjellet gir to poeng, til Gamleskulen eitt poeng.

Når året er omme tel idrettslaget opp turane og dei unge har dermed sjansen til å vinne fine premiar. Har du over 30 poeng, så kan du også vinne ein sykkel. Den einaste som hadde fått så mange poeng i 2023, var Oline. Til og med på julaftan – i tung snø – var ho ute og gjekk!

I fjor var det over 500 barn som skreiv seg i bøkene, dei fleste gjekk berre ein gang eller to.

– Vi vil at fleire skal vite om at det er veldig lett å vinne seg ein sykkel eller andre premiar. At det berre er å komme seg ut. Året før var det ingen som vann sykkelen, for ingen hadde gått nok turar (fått 30 poeng eller meir), men vi håper dette kan motivere fleire til å bli med på tur, seier leiar for Knarvik IL, Grethe Haaland.

Les også:

Erlend Nordland Kristiansen

Hevda seg i Bergen Skyrace

Her er brørne avbilda under Fløibanen opp eit par veker tilbake.

Løpebrørne Andreas og Jonas Iversen Lilleskare deltok søndag i Bergen Skyrace, oppunder Løvstakken.

Løpet var 11,5 kilometer langt og 900 høgdemeter, og er grunnlag for uttak til ungdoms-VM i Montenegro.

I den yngste juniorklassen (2008-2009) vart Jonas og Andreas høvesvis nummer ein og to med tida 1.19,30 og 1.21,05.

Strilen har i etterkant fått opplyst at løpebrørne dermed er kvalifiserte til ungdoms-VM.

Hadde dei stilt i 2006-2007-klassen hadde dei blitt nummer to og tre, og dei slo også fleire seniorar.

Beste tid av alle hadde Trym Dalset Lødøen frå Haugen IL med tida 1.13,46. Alle resultat finn du her.

Erlend Nordland Kristiansen

– Alle barna fekk vere stjerner

Her er eit av dei 71 laga oppe på scena. Til venstre ser du cupsjef Kay-André som girar opp både gjengen på scena og publikum. Foto: Privat

Førre helg vart Knarvik IL sin store handballcup arrangert i Nordhordlandshallen.

Ifølge cuparrangør Kay-André Kristoffersen vart det ein gedigen suksess.

– Det gjekk veldig bra og vi fekk veldig gode tilbakemeldingar. Det var full hall heile helga, seier Kristoffersen.

71 lag var påmeldt og det var delt ut medaljar til rundt 650 handballspelarar. I tillegg var eit par hundre trenarar og foreldre innom, så ein kan trygt seie at det var skikkeleg handballkok i hallen. Det hadde ikkje gått utan ein haug med foreldre som stilte på dugnad.

Med kamp etter kamp, medaljeutdeling på scena med musikk, røyk og det heile, vart det ei stor oppleving for både store og små.

– Vi har fått mail frå lagleiarar som skryt uhemma av cupen. Alle barna fekk komme på scena og vere stjerner, og vi hadde også solide finalar i sluttspelet, seier ein entusiastisk, men kanskje litt sliten Kristoffersen nokre dagar i etterkant.

Som speaker og ansvarleg gjennom heile helga, er det kanskje greitt at det er eitt år til neste cup.

– Cupsjefen er fornøgd og ser store moglegheiter for å «fintune» ting til neste år! avsluttar Kristoffersen.

I tillegg til ei rekke bylag stilte Alvidra, Eikanger, Knarvik, Lindås, Manger og Nordre Holsnøy med lag. Alle lag og finaleresultat finn du her.

Full jubel for herleg cupinnsats. Foto: Privat
Cupen var godt besøkt både på bana og tribunen. Eit solid kampoppsett låg fundamentet for ei smidig gjennomføring av cupen. Foto: Privat
Kay-André Kristoffersen er godt fornøgd med det som ifølge han er den første store handballcupen i Alver. Foto: Erlend Kristiansen
Erlend Nordland Kristiansen

Bygger klubbkultur: Har fått balljenter

Det var ei flott ramme rundt Kvernbit sin første seniorkamp for sesongen, blant anna takka vere spelarar på J14-, J13-, J12- og J10-laga.

IL Kvernbit satsar stort på jente- og damefotballen og stiller i år med mange lag i barne- og ungdomsfotballen, i tillegg til eit lag på seniornivå.

For å skape endå meir ramme og blest rundt satsinga, har klubben no også starta med balljenter på damelaget sine heimekampar.

Første kamp med balljenter var førre helg mot Frøya, der jenter frå J10 til J14 var med å ramme inn både bana og kampen. I tillegg var det «K2-trenar» Håvard Brakstad Moen speaker, mens ein «DJ» sørga for det musikalske.

Det blei ikkje dårlegare ramme av at kampen blei leia av den lokale dommarlegenda Helge Stokholm.

«Med en fantastisk ramme rundt kampen med musikk på anlegget, flotte balljenter og innmarsj til Champions League-hymnen, var tonen satt», skreiv trenar Tom Eirik Albrechtsen i sitt kampreferat.

Det var innmarsj til Champions League-hymnen. Majestetisk! Foto: Glenn-Roger Hovland

Kampen i seg sjølv var ellevill. Den bølga att og fram, og i det 90. minutt var stillinga 4-4, før Frøya klarte å lure inn sigersmålet og 5-4.

«Masse positivt å ta med seg, så skal vi være litt tøffe på trening fremover med å få alle jentene til å være enda mer kyniske enn i dag», noterer trenar Albrechtsen.

Søndag kveld speler Kvernbit kamp nummer to for sesongen, borte mot Minde.

Erlend Nordland Kristiansen

Alt for Masfjord/Gulen

Torstein og Eivind Tveit er «fotballgalningar» og likar å vere tett på det som skjer rundt seniorherrane til Masfjord/Gulen Foto: Erlend Kristiansen

Om det er regn, vind eller sol, opp- eller nedtur, så er brørne Eivind og Torstein Tveit ringside når Masfjord/Gulen sine fotballkarar møtast for å kjempe om poeng.

Dei står i ringen før kamp, i garderoben i pausen, ved innbytarbenken og blant publikum under sjølve kampen. Dei elskar nemleg fotballmiljøet i Masfjord/Gulen – kanskje med litt ekstra trykk på «Gulen».

Erlend Nordland Kristiansen

Fekk ikkje spele mot Austrheim

Jørgen Håvåg. Foto: Erlend Kristiansen

Eivindvik-karen Jørgen Håvåg speler for Masfjord/Gulen sine seniorherrar. Til dagen bur han i Sogndal, men han pleier å reise heim for å spele kampar når det passar.

Denne fredagen var det også Rotlaus-konsert i Sogndal, men den måtte vike for kampen mellom Masfjord/Gulen og Austrheim for Dalsøyra.

Men – på grunn av eit raudt kort etter ei takling i ein tidlegare kamp kunne ikkje Håvåg spele som planlagd. Dermed vart det verken Rotlaus eller kamp. I staden måtte han heller vere publikum.

– Det er kjipt å ikkje kunne bidra mot erkerivalane. Eg kjenner fleire på Austrheim-laget. I fjor var eg med dei på Norway cup og eg har også gått på skule med fleire av dei.

– Sesongen min begynte bra med mål etter fem minutt i første kampen. Då tenkte eg at dette blir ein kanonsesong. Det snudde fort.

Erlend Nordland Kristiansen

Lokalfotball i helga

Menn

4. div. avd. 01: Nordhordland-Arna-Bjørnar (laurdag kl. 15)

5. div avd. 03: Masfjord/Gulen-Austrheim (fredag kl. 19.30), Minde-Radøy (fredag kl. 19.30), Kvernbit-Sotra 2 (søndag kl. 19)

6. div avd. 04: Kvernbit 2-Bergkrystall/Ørnen 2 (laurdag kl. 15), Radøy 2-NBK 2 (søndag kl. 19)

7. div avd. 02: Nordre Holsnøy-Hausvik 2 (laurdag kl. 13)

7. div avd. 05: Lindås-Hovding (tysdag kl. 20)

Kvinner

4. div kvinner: Lyngbø 2-NBK (laurdag kl. 15.30)

5. div kvinner avd. B: Radøy-Bjarg 2 (søndag kl. 15), Lindås-Ørnar (søndag kl. 17), Minde-Kvernbit (søndag kl. 18.30)

PS: På 7-ar-nivå skal Masfjord/Gulen sine damer møte Frøya laurdag kl. 14, mens Eikanger-herrane møter Ny-Krohnborg søndag kl. 18.

Erlend Nordland Kristiansen

NM-bronse for Hilde (57)

Hilde R. Rongevær løftar tungt. Foto: Privat

Hilde R. Rongevær blir 58 år i sommar, men ho har ingen planar om å gje seg med styrkeløft med det første. I helga deltok ho under styrkeløft-NM for veteranar i Åsane arena.

Erlend Nordland Kristiansen

Slik gjekk kampane i helga

Maria Isabelle Straumøy Chetty leverte hat-trick i helga. Foto: Erlend Kristiansen (arkiv)

Kvinner

4. div kvinner: NBK-Askøy 2 1-2 (NBK-mål: Celine Iversen Lilleskare)

5. div kvinner avd. B: Kvernbit-Frøya 4-5 (Kvernbit-mål: Maria Chetty x3 og Tiril Eknes)

Ørnar-Radøy 3-2 (Radøy-mål: Maja Hermansen og Nora Ulvatn)

  • Jamne og fine oppgjer då dei siste damelaga også starta sesongen. Kvernbit-damene låg under 1-4 då Maria Chetty scora hat-trick på ein halvtime. Dessverre scora Frøya sigersmålet på overtid. For Radøy sin del kom sigersmålet imot i det 88. minutt! «Close, but no cigar», for begge våre lag.

Menn

4. div. avd. 01: Nordhordland-NHHI 0-0.

  • Eit svært sjeldan resultat på lokalfotballnivå, i ein kamp der NBK kjempa for sitt første poeng, mens NHH-gjengen sikkert var motivert av den ventande fredagspilsen. Det mest spennande å trekke ut frå kampen var 2-2 i gule kort.

5. div avd. 03: Austrheim-Kvernbit 1-2 (AIL-mål: Eric Hjelmtveit. Kvernbit-mål: Joachim Hopsdal)

Fyllingsdalen 2-Masfjord/Gulen 3-0

Radøy-Sotra 2 2-4 (Radøy-mål: Alexander Valdersnes og Ingmar Hoen Tjore).

  • Som i heimekampen mot Radøy, vart det eit bittert 1-2-tap heime i lokaloppgjeret mot Kvernbit for Austrheim. 11 fryktelege minutt seinka Masfjord/Gulen, mens Hoen Tjore- og Valdersnes-mål ikkje var nok då Sotra-reservane øydela festen på det flotte Bø-graset.

6. div avd. 04: Mann-Radøy 2 2-0

Kvernbit 2-Hausvik 2-1 (K2-mål: Sondre Gundersen og Sondre Lædre)

NBK 2-Gneist 2 2-1 (NBK-mål: Steffen Hjertås og Tommy Litleskare)

  • Endeleg begynner våre lokale 2. lag å plukke poeng også. NBK 2 og Steffen Hjertås sikra sigeren i det 88. minutt. På overtid fekk motstandaren Gneist 2 to raude kort, pluss gult kort til trenaren. Temperatur!

7. div avd. 02: Tyssedal-Odda-Nordre Holsnøy 1-3 (NHIL-mål: Eskil Verlo x2 og Lasse Solstrand).

  • Etter nedtur heime mot Rosendal i runde 1 (1-2-tap), vart det nok mykje betre humør på ferja heim etter den lange turen til Odda stadion. Viktig for lagmoralen utover sesongen dette!

7. div avd. 05: Nest-Sotra 3-Kvernbit 3 1-1 (mål av Petter Thorgersen)

Eidsvåg-Lindås (utsett til juni)

PS: Eikanger sine 7-ar-herrar tapte 1-2 heime mot Ragnarok, mens Masfjord/Gulen sine 7-ar-damer vann overbevisande 7-0 heime mot Valestrand-Hjellvik. Her scora Mia Brosvik hat-trick, mens Mathilde Birkeland, Lena Marie Haugsvær, Sunniva Vågseth og Hannah Aurora Rutledal scora dei andremåla.

Henrik Hauken

Amalie blei hordameister

Johannes Seim og Amalie Skorpen Hauge. Foto: Eirik Blindheim

Amalie Skorpen Hauge frå Seim Skyttarlag herja under Hordastevnet på Voss, der ho vann ungdomsklassen.

I finalen fekk ho 11 treff og 7/12 innertreff. Det var heile to treff framfor andreplassen.

Johannes Seim skaut også godt, og fekk sølvplass i sin aldersklasse. Han fekk også femteplass i grovfelt.

Det var også lagskyting i grovfelten. Der kapra Seim Skyttarlag ein flott tredjeplass berre 1 poeng bak nr. ein og to.

Seim skyttarlag gjorde det godt under Hordastevnet. Foto: Eirik Blindheim