Det blir heia og ropt frå sidelinja og beina går som trommestikker på løparane som gir alt for skulen sin i den årlege Tinestafetten.

For tysdag formiddag var det igjen duka for den tradisjonsrike stafetten på Knarvik stadion. Til stades var elevar frå mange skular i distriktet – heile 100 lag frå 20 skular frå 6. til 9. trinn var påmeldt arrangementet i Knarvik.

Også andre stader i distriktet var det stafett-moro.

Snart klare for start. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen

– Redd dei andre skal springe forbi

To spente jenter står klare i oppvarmingsteltet ved Knarvik stadion og «grugler» seg til å springe.

– Eg er litt redd for at alle dei andre spring så fort at dei spring forbi meg, seier Sofie Myksvoll frå Nordhordland kristne grunnskole i Alvermarka.

Venninna Hannah Deborah Atonso Mbenlje nikkar med.

– Eg er også spent, seier ho.

Dei to jentene fortel at dei har trena litt i forkant av løpet, så dei kryssar fingrane og satsar på at det går fint.

Emin Tangerås gav alt. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen

Ein som gav alt og kasta seg i bakken då han kom i mål, var fotballspelar Emin Tangerås frå Knarvik ungdomsskule.

– Det var gøy å forbrenne nokre kaloriar, eg gav alt, gliste han etter å ha fått igjen pusten.

Sara Marie Syslak-Håland var med å vinne for Grasdal skule Foto: Hege Alberta Wilhelmsen

Sara Marie Syslak-Håland gav også alt for Grasdal skule, som vann det eine heatet på 7. trinnet.

– Det var kjempegøy at vi vann, seier ho og smiler.

Ronny Borgen Hansen var speaker for tredje gong på rad. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen

Ronny Borgen Hansen, som er dagleg leiar for Knarvikmila, var speaker under stafettfesten. Han kunne melde om raske løparar og god stemning.

– Eg er inne for tredje året på rad og synest det er skikkeleg gøy kvart år, seier han.

Illia, Oleg, Kristina, Daniil, Oleh er alle frivillige frå Språkverkstaden, som er driven av Frivilligsentralen. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen
Kjell Namtveit og Håkon Rongved stilte som frivillige frå Brekkeløypas venner. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen

Knarvikmila stod som teknisk arrangør og dei hadde god hjelp av frivillige frå Brekkeløypa sine venner og frivillige ukrainarar frå Språkverkstaden, som er eit tilbod driven av Frivilligsentralen.

– Begge dei frivillige gruppene gjer ein kjempeinnsats, seier han.

Stafettskulefest

Følgande bygder/skular var påmeldt stafettfesten:

Alversund, Austebygd, Eikanger, Grasdal, Kaland, Knarvik, Leknes, Lindås, Manger, Myking, Nordhordland kristne grunnskole, Rossland, Sagstad, Seim, Vestbygd + eit par skular frå Bergen, Osterøy og Samnanger.

PS: Ifølge Tinestafetten sitt «stafettkart» har det også blitt sett opp stafettar på Ostereidet, Sandnes, Nordbygda, Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes. Skulle nokon ha bilde frå desse arrangementa, er det berre å sende til tips@strilen.no.

Sverre Leivestad Rasdal, Liam Eldholm Hordvik, Lukas Soltveit Sagstad og Silja Øksnes Haglund var klare til start. – Vi gler oss, seier dei. Sistemann til høgre med hua rakk me ikkje få namn på før start. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen
Jon Magne Li Smestad og Adrian Hopland heia på klassekameratane. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen
På tribunen fylte det seg opp med spente fans/klassekameratar. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen
Det var ikkje tvil om kven Tanya Cornelia Sæbø heia på. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen
Magnus Golten Fyllingsnes frå Sagstad skule synest det var kjempegøy å løpe. – Spesielt gøy at vi er ein gjeng som løper saman, seier han. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen
Vilde Holm-Livden og Sanna Moen var spente, men kryssa fingrane for at dei skulle få til eit bra løp. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen
Preben Manger og Anders Molderheim Skibenes frå Rossland skule var med å vinne eit av løpa. – Vi har øvd litt i gymmen, seier dei. Foto: Hege Alberta Wilhelmsen
Rettelse:

Vi skreiv innleiingsvis at ukrainarane kom frå Språkkaféen. Det rette er Språkverkstaden. Vi har også korrigert eit par av namna.

Sjå alle rettingar her.