Det er ein årleg tradisjon at hordalandsfotballen inviterer klubbane til å sende sine beste spelarar for å spela All Star-kamp mellom avdeling 1 og 2 etter sesongen.

I år melde Flatøy og Pettersen seg til å representera NBK når spørsmålet kom frå NBK-trenar Eirik Fjeldstad.

Dei spelte på lag med spelarar frå Voss, Bønes, NHH, Fyllingsdalen 2 og Smørås. Motstandarane på Varden var frå Sandviken, Vadmyra, Trott, Trio, Loddefjord og Frøya.

Både midtbanespelar Flatøy og spissen Pettersen starta kampen for avdeling 1 og gjorde sine saker bra i kampen, som enda med 2-1-tap. Flatøy hadde mellom anna målgjevande pasning på målet.