Slik blir Knarvikmila 2023: – Må ikkje gløyme kva Knarvikmila står for

Knarvikmilsjef Ronny Borgen Hansen viste stolt fram korleis årets utgåve av Knarvikmila blir – og hadde ei herleg overrasking heilt til slutt.

Knarvikmilsjef Ronny Borgen Hansen gler seg til årets utgåve, som får ein tjuvstart alt 7. mai.
Publisert:

– Dette blir bra, seier ein strålande Ronny Borgen Hansen, når Strilen møter han på kontoret måndag ettermiddag.

Knarvikmilsjefen fekk sin debut i fjor, og dette året har det nybakte styret kokt saman nok ein herleg meny dei håpar folk vil like.

– Vi samla saman fleire løparar etter løpa i fjor og høyrde kva dei ønskte seg. Dei var veldig tydelege på at dei ville ha ein spesifikk løpsdag, så laurdag blir det 21 km, 10 km og 5 km.

Det betyr at Xtrem, som tidlegare har vore ein del av FjordVikingFjordVikingFjordViking er å fullføre tre løp under Knarvikmila. Tidlegare var Xtrem ein del av pakka, saman med halvmaraton og 10 km. Frå 2023 blir Xtrem bytta ut med 5 km. , går ut frå 2023-utgåva.

Til gjengjeld har dei løpsglade nok eit arrangement å glede seg til.

– Årets utgåve av Xtrem skjer alt laurdag 7. mai.

Ein herleg forrett der altså.

Stolpejakt, Brekkeløypa og frivillig innsats

Vidare på menyen blir det i år også pensjonistseminar på tysdag i Knarvikmilveka. Den tidlegare Knarvikmil-ringreven Helge Brekke har ansvaret for dette, saman med Einar Vatne.

– Sjølv om vi alltid ser på korleis vi kan lage eit betre arrangement, er det viktig å ikkje gløyme kva Knarvikmila står for. Ja, vi skal ha gode løp, men vi står også for stolpe, vedlikehald av Brekkeløypa, bistand og frivillig innsats.

– Dette blir bra, seier ein strålande Ronny Borgen Hansen.

Ronny smiler. Han veit statusen Knarvikmila har i regionen vår, men seier dette kjem overraskande på andre han presenterer mila for.

– Og la meg få skryte av Brekkeløypas Venner og alle andre frivillige vi samarbeider med. Utan dei hadde ikkje Knarvikmila blitt så bra som den er.

For i tillegg til å arrangere gode løp, står Knarvikmila for noko større. Både folkefest, folkehelse og verdibygging er viktig for idrettsgiganten.

Her er programmet til Knarvikmila 2023.

Ungdomsmila blir arrangert fredag, og Knarvikmila har valt å gjere Volvatstafetten litt meir spesiell.

– I fjor hadde vi 16 påmelde lag og såg at vi måtte gjere noko. Så no blir det etter arbeidstid fredag, med middag etterpå. Vi håper difor bedrifter kan samlast etter jobb for å ta ein fest med oss, seier Ronny, og legg til at det blir eit alkoholfritt arrangement for alle.

Laurdag blir det familiekonsert med ZingZang og andre, før det heile avsluttast med familiedag, barneløp og avslutningsseremoni søndag.

NM i maraton 2024

Nye godbitar blir det også i år. Torsdag blir det løp og friidrett for skuleelevar frå 5–7. klasse. I tillegg blir det ein heilt ny løpsklasse.

– 5 km er ein fin inngang for mange, men vi vil også i år ha 3 km på søndagen. I tillegg vil vi ha 3 km for paradeltakarar.

Men det var ikkje over med nyheiter der.

– Og heilt til slutt, har eg ein godbit til deg, seier Ronny, før han gliser.

På skjermen står det NM i maraton, Knarvik 2024.

– Det blir heilt rått, seier Ronny godt fornøgd.

Og det blir halvmaratonløypa frå i fjor, som blir brukt.

– Det var ein kjempesuksess, med fire postar ein kan hente vatn på, nesten på same stad. I tillegg er det flatt, noko vi har fått gode tilbakemeldingar på frå løparar.

Her skal løparane få køyrd seg i åtte rundar.

For Ronny er optimistisk til at det kan bli ein maratonrekord eller to.

– Vi har vel den raskaste løypa på Vestlandet, og det er flatt. Når ein også skal åtte gonger innom stadion for å bli tatt imot, trur eg det kan bli veldig gode tider, avsluttar Ronny.

Publisert: