Tommy Gaustad følgjer i spora til tidlegare Brann-spelar Erlend Hanstveit når han no blir trenar av det nye gatelaget til NBK.

– Det å hjelpe andre menneske ut av noko vondt, er ein stor motivasjon for min del, seier Gaustad til Strilen.

Han er klar på at dette er noko heilt nytt, og at han her går inn i ein ny verd.

– Eg har alltid vore glad i garderobekulturen, der ein skapar eit miljø av vener. Det håpar eg å få til her også. At vi møtast i vinter for å sjå VM. Eg ser for meg at vi kan bli ein kompisgjeng, seier Gaustad.

Tor Eivind Karlsen var aldri i tvil då jobben dukka opp: – Eg kan både det fotballfaglege og er utdanna sosionom. Denne jobben var difor perfekt for meg. Foto: Henrik R. Hauken
Tommy Gaustad vil hjelpe. Bruke erfaring om garderobekultur til å skape venskap. Foto: Henrik R. Hauken

I tillegg til NBK-spiss og målgrossist Gaustad, skal sosionom – og tidlegare Austrheim-spelar – Tor Eivind Karlsen, vere med på prosjektetet.

Karlsen i ein 100 prosent-stilling, medan Gaustad skal vere med 50 prosent.

– Har du kapasitet til dette, når du samstundes skal bøtte inn mål for NBK?

– Ja, eg har det, kjem det frå muraren, før han spesifiserer at han har ein fleksibel jobb.

– Du skal jo ha det bra utanfor bana, for å prestere på bana. Og i dei siste to kampane har du no verkeleg prestert, skyt Karlsen inn frå sida.

– Dei tre siste vil no eg seie.

Begge ler. Stemninga i rommet på Knarvik stadion er god.

Ei stemning begge gjerne vil ta med seg i prosjektet.

Denne gjengen er klare til å ta imot deg i alt slags vêr: – Vi er heldige som har hallen her. Det er ikkje mange gatelag som har så gode fasilitetar, seier Karlsen. Foto: Henrik R. Hauken

Oppstart 27. september

Klubben har hatt samtalar med Nav og avdelinga Psykisk helse og rus i Alver kommune sidan i fjor. Etter søknad frå Nav Alver er både Gaustad og Karlsen dedikert til gatelaget dei fire neste åra.

Det var Nordhordland som omtalte satsinga først.

No har NBK klar oppstartsdato for trening.

– Vi håpar så mange som mogleg vil stille på trening den 27. september klokka 11, er oppmodinga frå Tommy.

Han er meir alvorleg no. Sjølv om satsinga er utelukkande positiv, er menneskeskjebnen bak ofte alvorlege.

Rus. Utanforskap. Det å ikkje bli sett.

Det vil NBK gjere noko med.

Det å vere med på å byggje opp andre menneske, er viktig for Tor Eivind. Foto: Henrik R. Hauken
Tommy har allereie fått ein del henvendingar på telefon: – Eg hadde første fysiske møte denne veka. Foto: Henrik R. Hauken

– Det sosiale vel så viktig som fotballen

Planen er at ein møter opp til frukost i storsalen, med enkel brødmat og kaffi, før ei treningsøkt i halvannan time.

Etter det er det lunsj.

– Det sosiale er vel så viktig som fotballen. At dei som deltek føler seg sett er viktig. At dei har fått snakka med nokon, seier Tommy.

Responsen til gatelaget har vore massiv, og har vore utelukkande positiv: – Kontakt oss gjerne om du ønskjer vere med på gatelaget. Foto: Henrik R. Hauken

Det å bruke fotballen, og fotballen sin kraft til noko positivt, er viktig.

Frå før av har Brann, Os og Frelsesarmeen i Bergen gatelag.

– Det er fleire som seier at dei ikkje hadde vore i live, om det ikkje var for gatelaget til Brann, seier Tor Eivind.

Har tar seg ein kort pause, før han fortset;

– Det å vere ankeret til nokon, og få folk til vere ein del av eit miljø, er viktig. Fleire av Brann-spelarane har kome seg i arbeid, og er rusfrie. Klarar vi berre å få eitt menneske til å ruse seg mindre, har vi lukkast med dette prosjektet.

Responsen på prosjektet har vore god. Mange i regionen ønskjer å bidra. Lokale verksemder ønskjer bidra med arbeidstrening.

Privatpersonar vil hjelpe økonomisk.

– To frivillige har meldt seg. Pensjonistar som hadde ekstra tid. Det er kjekt, seier Gaustad.

– Kva med spelarar då? Har du fått napp der?

– Eg hadde første fysiske møte med ein spelar denne veka. I tillegg har eg snakka med mange på telefon, enten via Nav, eller folk som kontaktar meg på eige initiativ. Vi får sjå kor mange som kjem på første trening, seier Gaustad, før han avsluttar;

– Spelarar må berre kome eller ta kontakt med oss!