Koronaviruset gjer vegen til OL utfordrandre for Urhaug

Koronaviruset har alt ramma fotballen i Italia og sett store internasjonale arrangement i Asia på vent.

Publisert:

Tommy Urhaug. Foto: Henrik Hauken (arkivfoto)

  • Henrik Hauken

For Tommy Urhaug blir oppkøyringa til Paralympics i Tokyo ekstra utfordrande.

– Eg skulle vore i Spania sist helg, men i samband med forbundet og Olympiatoppen valde vi å ikkje delta, seier Urhaug til Strilen.

Arrangementet gjekk som normalt, men det var ein del italienarar og forskjellige nasjonar frå Asia som var med.

Stevne i Italia og Kina blir utsett, i tillegg til serieavslutninga i Bundesligaen.

– Ein annan grunn til at vi vel å ikkje delta på desse konkurransene, er at eg kan bli sett i karantene i dei landa det gjeld.

– Treng kamptrening

Urhaug seier at det er trist at han må avlyse.

– Eg er ein spelar som treng mykje kamptrening, for å kome i form. Så no må eg trene mykje meir heime.

Sjølv om han er lei seg for at oppkøyringa ikkje går som normalt, har han forståing for kanselleringane.

– Det er viktig at vi alle tar eit tak, og jobbar saman for unngå smitte og spreiing. Det er positivt at det blir gjort for å forhindre spreiing.

OL kan bli utsett

Det er førebels usikkert om OL går som normalt. Det får vi svaret på tidleg i mai.

– For meg passar det jo greitt at om det blir utsett til desember, for då er eg garantert tilbake igjen, men vi får krysse fingrane for at det går som normalt.

Urhaug har nett blitt skadefri, og er tilbake i full trening.

– Eg held framleis litt igjen, men det er godt å kunne sjå at armen snart er tilbake.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Skal steikja 14.560 sveler til Fjord1

  2. Politiet har ein sterk mistanke om kva som skjedde før bilen krasja i fjellveggen

  3. Hevdar eigaren stikk av frå rekning på meir enn 100.000

  4. Melder kommunen til politiet

  1. Koronaviruset
  2. Tommy Urhaug