NBK VIL OPP I 2019: – Vår klare målsetting er å rykka rett opp igjen

NYSTIFTA RADØY FK HAR AMBISJONAR: – Radøy-fotballen låg med knekt rygg for nokre år sidan. Me har ambisjonar om å gå opp

KVERNBIT FÅR SNART PRAKTANLEGG: – Me er privilegerte som har så mange folk som er villig til å vera med å jobba dugnad

Denne sesongen skal Austrheim, Kvernbit, Nordhordland og Radøy alle spela i same avdeling i femtedivisjon. Lokaloppgjera vil difor komma på rekke og rad, men allereie laurdag testa dei tre sistnemnde formen i Nordhordlandshallen i Knarvik.

Med høgt tempo på fast underlag - og ikkje ei isete utandørsbana - kunne laga finna ut kor godt dei låg an med vinteroppkjøringa. Det viste seg til slutt at NBK var best, eit lag som for øvrig vann 9–3 borte mot Vaksdal tidlegare i veka.

Trenar for NBK, Bent-Inge Sellevold, gler seg til mange lokaloppgjer i år.

– Eg håpar at folk stiller opp og at det blir kjekt. Me er i alle fall innstilte på det, og så satsar me på at me kan levera på bana også. Ungdommane i dag var jo kjempegode, seier Sellevold, som hadde delt dei to NBK-laga opp i eit ungdoms-og eit «gamlis-lag».

Robert Blom er Kvernbit sin nye trenar. – Det var Trond Egil som «masa» om at eg måtte bli det, seier han og ler.

Også Radøy og Kvernbit har nye trenarar føre 2019-sesongen. Robert Blom, som nyleg tok over kvittrøyene frå Frekhaug, håpar lokaloppgjera fører til meir tenning.

– Eg trur det har litt å seia for å skapa litt blest om lokalfotballen. No har jo lokalfotballen låge litt med knokken rygg i forhold til kva han gjorde før, men eg trur det har noko å seia for gutane når dei skal spele mot kompisar i dei andre klubbane.

Kvernbit tapte mot begge NBK-laga, men vann til gjengjeld mot begge Radøy-laga. Her frå sistekampen i turneringa, kor Kvernbit slo det eine Radøy-laget 1–0.
Kvernbits David Flatøy helser på NBK-trenar Espen Kjenes.