På Utkant? Bruk #strilen

Sjølv om programmet har vore klart ei stund, så har fleire lurt på kven som skjuler seg bak TBA («to be announced») på fredagskvelden. «Rosinen i pølsa», som festivalsjefen likar å kalla det, heiter Kjartan Lauritzen.

Dermed gjer Kjartan Lauritzen sin andre konsert på rad på Utkant. I fjor var han nemleg også «rosin i pølsa» då han blei proklamert som festivalens siste tilskot. Då spelte han på torsdagen, i ein konsert som fekk «Kongen» til å gynga, særleg då ein ivrig Lauritzen stagediva inn blant publikum. I år skal han på scena på fredagen klokka 22.

Kjartan Lauritzen, eller Per Áki Sigurdsson Kvikne som 23-åringen eigentleg heiter, har hatt eit godt år, der namnet hans for alvor har spreidd seg frå Balestrand og Sogn og ut i det norske musikklandskapet. Han har blant anna komme på festivalprogrammet til Bergenfest, Slottsfjell, Malakoff og Findings.

Så det er all grunn til å tru at «Fenomenet» vil «Nyte D» når han drar på med «Fredag» i den seine fredagsnatta i Skjerjehamn.