Inn mot helga har «eit lass» med doningar i ulik form, farge og størrelse inntatt Hordabø, slik ein er vand med kvar haust.

Strilen møtte både alverbuarar, austrheimingar, fedjingar, gulingar, masfjordingar, bergensarar – og sjølvsagt radværingar – då vi tok turen til det årlege «Gunslingers-kalaset» i Hordabøhallen.

Og når ein først inviterer til fest, så sluttar ikkje festen tidleg. Tvert imot startar den heller seint; dørene opna litt før klokka 21 og første band, «Halva Priset», gjekk på rundt klokka 22.

«Finalen» – med kongane sjølv, Gunslingers – starta ikkje før vi nesten hadde bikka over til ny dato.

Men, når det er sagt: For dei fleste starta festen i timane før dette også. Bla ned for eit glimt av årets konsertfest på Bø:

Ein gjeng ostringar hadde tatt turen i denne stilige doningen!
Det er ikkje berre bubilar og bussar å sjå på parkeringsplassen på Bø. Desse trekkvognene var også eit aldri så lite trekkplaster med sine stilige lys og høge musikk.
«Borlaug» og «Veland».
Denne herlege gjengen hadde funne seg til rette i «Tertneskongen» Frank (i midten) sin bubil. Han er flankert av (f.v.) Bjørn Inge, Christine, Marianne og Nina.
Senga til «Tertneskongen»: Ein treng ikkje gå ned i standard berre fordi ein skal sove i eit køyretøy. Luksus!
Strilen var ikkje kjent med at Tertnes hadde cowboyar, men «Tertneskongen» kan bekrefte at dei finst.
Denne stilige turbussen er heimehøyrande på Radøy og er også ein perfekt plass for eit aldri så lite vorspiel. Om bord fann vi folk frå både Austrheim, Hjertås, Knarvik og Radøy. Kjekt at folk med så ulike bakgrunnar finn i lag!
God kok i dette førarsetet.
Mange av dei hyggelege vaktene tok streifrundar i områda rundt hallen for å sjekke at alt og alle hadde det bra.
Dette var «første vaktpost» på veg inn til festen. Dei møtte gjestane med eit smil og jammen meg kom alle seg fint inn til slutt.
Runar Haugland var dagens vaktleiar i Røde Kors: – I dag har eg med meg fire stykk. Hovudfokus på ein kveld som dette er kulden. Vi vil passe på at dei som er rusa og ute, får komme inn og får i seg varme. Vi, saman med vaktene, vil gå streifrundar for å sjekke. Elles kan det fort bli litt kutt og sånne ting, etter at folk snublar og skrubbar nasen. Det har stort sett gått veldig fint tidlegare år, og veldig lite vi må gjere eigentleg.
Moppen måtte tidleg i aksjon.
Loddefjord-karen «Kalle Kviten» elskar ein god strilefest. Derfor har han også pynta seg. – Eg har på meg ein ekte skinnhatt med innlagt stål i bremmen. Vidare har eg ein vest som er handsydd og tilpassa min størrelse. Innanfor det har eg ei bomullsskjorte som er hand- og formsydd til meg. Eg har ei vanleg dongeribukse under, og «chaps» som er tilpassa meg, forklarar han entusiastisk. Han nyttar også høve til å skryte av strilane: – Her ute er det prima vare og så inkluderande! Vi har leigd oss ein bubil for å komme ut her, og vi føler oss velkommen, nesten ønskt. Folk i Nordhordland er moooah, seier han og kysser sine hender for å vise kor mykje kjærleik han har for oss her ute.
– Mønsteret på boots’a er handsydd, seier Kalle Kviten. Det er ikkje tvil om at han var blant dei som hadde kledd seg best for anledninga. Verdien på det heile skal ha vore minst 20.000 kroner, fortel «loddiken» frå Loddefjord.
Etter kvart begynte det å sige på med feststemte sjeler.
Mathias og Daniel har funne fram rette hatten.
Desse damene er klar for fest.
Gutta krutt likeså!
«Billettbua»: Dette «samlebandet» av raske hender fekk bytta ut billett med band på dei mange hundre hendene. På dette stadiet hadde gjestane passert vaktene og var i toppers humør. Nesten inne no!
Her går’re unna gunnar!
No blir det fest!
Jentene har hatt denne kvelden i kalenderen lenge.
Det var eit imponerande stort vaktkorps i sving for å sikre eit effektivt og trygt arrangement. Det blei sagt at minst 40 vakter var med, og i tillegg var det ressursar frå politiet og Røde Kors til stades.
Ein av vaktene ser til ein kar som er open og ærleg på at han har hatt betre kveldar. Det er ingen skam, og det er då ekstra godt at nokon bryr seg. Ingen skal stå ute og fryse eller vere åleine.
Angåande åleine ... aldri fred å få frå pressa!
Etter kvart kom «polisen» utom.
Strilen såg berre politimannskap som koste seg då me var der. Det var iallfall ingen synlege teikn på tumultar eller andre problem.
Frå bubilcampen bortanfor fotballbana.
Barkøen: Etter kvart fekk gjengen i baren verkeleg køyrt seg.
Når ein har stått på i timevis er det godt med ein liten pizzapause på bakrommet.
Idrett, kultur, 17. mai, konsert og fest. Hordabøhallen er allsidig.
Gunslingers har tatt scena.
Det skjedde mykje både på, framfor og ved scena.
Herrane og kvinnene på første rad gaular med frå første strofe.
Til deg som ikkje er heilt stødig på Gunslingers-gjengen, så viser vi til Wikipedia: «Gunslingers (en: Revolvermenn) er et norsk pop-country-band med rot i Tørvikbygd i Hardanger. Sangene er på Hardanger-dialekt med en god dose humor, og de fleste er skrevet av vokalist Frode Måkestad».
Eit takknemleg publikum.
Nattevandring i «campingbygda».
Behind the scenes. Dette var moro!
Lys, fest, musikk, moro. Hordabøhallen leverer.