Strilen presenterer «Kampen for livet», ein dokumentar om Nordhordland Ballklubb sitt gatelag i fotball.

– Eg har fått igjen alt. Eg har fått igjen livet, seier Kenneth i dokumentaren.

Sterke ord, men for mange er dette tilbodet så uendeleg viktig for mange.

– Det er viktig å kome på trening. Om du ikkje kan spele, er det likevel viktig å kome. For den sosialiseringa vi har før trening, eller etter trening, er godt for alle.

Kenneth veit ikkje kva han ville gjort, om det ikkje var for tilbodet til gatelaget. Foto: Henrik R. Hauken

Gatelaget er nyoppstarta, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Nav, Alver kommune og NBK. Dei hadde si første trening 27. september 2022.

– Vi har starta ei reise, som er utruleg kjekk å få vere med på, seier trenar Tommy Gaustad.

Har du tips til fleire videoprosjekt?

Eg vil veldig gjerne lage fleire videoprosjekt. Alt frå koselege små reportasjar, til mindre kortdokumentarar.

Send meg tips på henrik@strilen.no, eller kontakt meg på 41368416.

Sidan oppstarten har gatelaget hatt fleire treningskampar mot Nav/kommunen og psykiatrien, og spelte tidlegare i år treningskamp mot Brann og eit lag frå Sverige.

Strilen har følgt laget i over ein månad, og var med til Vestlandsmeisterskapen i Haugesund i slutten av mai.

Her fekk NBK måle krefter mot etablerte lag som Brann, Bryne og Haugesund.