Synspunkt: Koronatiltak. Smittetal. Munnbind og avstandskrav. Sjølv som avismann er det vel lov å seie at ein kan gå litt lei denne «suppa» av koronarelaterte nyheiter. Det er rundt oss heile tida, og det gjeld å sile ut informasjonen som er relevant for seg og sin situasjon.

Det er likevel viktig å følge med, å følge krava – og passe på helsa. Mange av oss er heldigvis spreke, medan ein del andre er litt oppe i åra og/eller slit med sjukdom. Då er det ikkje så kjekt at dette viruset kjem på toppen og gjer eit kanskje skralt tilvære endå meir traust og usikkert.

Heldigvis handlar ikkje alt om korona, heller ikkje i våre spalter. Eller?

Sanninga er vel heller at koronaen klarer å snika seg inn i litt for mykje av det som skjer, enten det er politikk, kultur, sport eller næringsliv. Hadde vi laga saka «Gustav (9) fanga St. Peterfisk i Fensfjorden», så hadde vel det også på obskurt vis hatt noko med viruset å gjere.

Er det først eit arrangement som går av stabelen, kan du vere sikker på at det er nedskalert og kjipare enn det det kunne ha vore. «Vi vil lage da besta arrangementet nokosinne! ... men vi kan berre invitere sju prosent av bygda.»

Det er heldigvis mange kreative sjeler, som gjer det beste ut av situasjonen. Som helselaget på Haugsvær, eller gjengen på Ostereidet ungdomsskule, som laga digital musikal då dei ikkje kunne invitere publikum og lokalmedia.

Og på Fedje blir det peparkakeby på sjukeheimen også i år. Koronaen kunne berre våge seg, for no har kommuneoverlegen gitt grønt lys. Før peparkakehusa får komme inn på sjukeheimen, må dei i tre dagars karantene. Kan det blir meir 2020 enn det?

Dermed blir det julekos for både bebuarar, tilsette – og bygdefolk, som skal kunne sjå utstillinga frå utsida. No gjenstår det berre å få bygdefolket til å bake.

Og det akkurat det håpar eg ikkje berre fedjingane gjer. Vi i Strilen ønsker å sjå peparkakehusa som dykk der ute har laga! Har du, barnebarnet eller jobben laga eit kunstverk?

Send inn bilde til oss! Vi vil sjå heile regionen representert! Vi vil presentere nokre av dei i papiravisa, samtidig som alle også blir samla i ein «digital peparkakeby» på Strilen.no. Nokon er kanskje så heldig å få premie for sitt kunstverk!

Så send inn blinkskot av ditt byggverket, og ta gjerne med namn og bilde på bakarane. Send til avisa@strilen.no.

Eg og vennane mine er allereie godt i gang, som ein ser av bildet over. Kom gjerne med namneforslag på skuta vår. Enn så lenge står det mellom «Costa Concordia» og «Server» ... (Damo nemnde også U-864 som eit alternativ, men då er spørsmålet om det skal bli knusing eller tildekking 13. dag jul?)