Det var i 11-tida måndag formiddag at naudetatane rykka ut på ei alvorleg ulykke på fylkesveg 57 i Furubergtunnelen i Lindås. Ein personbil og eit vogntog hadde då støytt saman front mot front.

Ei kvinne var medvitslaus og fastklemt etter kollisjonen, og brannvernet starta hurtigfrigjering. Men det vart etter kvart klart at livet ikkje stod til å redda.

Frigir namnet

Tysdag formiddag offentleggjorde politiet namnet på den omkomne i samråd med familie.

Det var 56 år gamle Kristin Gjersvik Hopland, busett i Lindås kommune, som omkom i ulykka.

Krimteknisk og ulykkesgruppe

Straks etter ulykka blei det klart at det var ei alvorleg ulykke. Vegen var stengt i timesvis, medan politi i lag med kriminalteknisk og vegvesenets ulykkesgruppe jobba på staden.

– Det blei tatt avhøyr i etterkant, og så må me avventa rapporten frå ulykka, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

Dei to kjøretøya som var involvert i ulykka, er brakt inn for Statens vegvesen for sjekk.