Arbeidsulykke på Mongstad
Ein mann i 40-åra sendt til Haukeland sjukehus med luftambulanse.
Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel
Klokka 18.31 måndag kveld fekk politiet melding om ein arbeidsulykke på Mongstad.
Ein mann i 40-åra skal ha komme i klem mellom hydraulisk støttelabb på kranbil og bil, melder Vest politidistrikt.
Mannen opplyste at han hadde smertar i mage og rygg etter uhellet. Han vart frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse.
Politiet har vore på staden og vil etterforske saka.
– Dette blir meld til Arbeidstilsynet, men vi har gjort våre undersøkingar. Det er framleis for tidleg å gå ut med kva som var årsaka til ulykka, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg til Strilen tysdag morgon.
Publisert:
Mest lest akkurat nå
Ikkje alvorleg skada etter arbeidsuhell
Til sjukehus etter arbeidsulykke: – Fekk skvisa ein finger
Eldsjela Ivar er revy-miljøet i Alver sin «Grand old man»
Eit sterkt møte med flyktningar frå Ukraina
Dreiv ulovleg rusinstitusjon på Nappane – no held han fram i andre delar av landet
«Epos» har fått på plass styret