SISTE: Frå klokka 17.15 torsdag går Bjørnefjord på strekninga.

Klokka 07.45 torsdag melde Norled om stopp i ferjedrifta i sambandet over Fensfjorden.

Stoppen skuldast svikt på ein hjelpemotor, og driftsleiar i Norled Inge André Utåker opplyste at det kunne ta lang tid før sambandet var i drift igjen. Det vart sett inn skyssbåt som erstatning for nokre av avgangane, men ikkje på langt nær alle.

Skyssbåten som gjekk på morgonen måtte tilbake i anna oppdrag, og så var det ikkje båt i ruta igjen før avgangen frå Sløvåg 12.45.

– Me bemannar no reserveferja Bjørnefjord, for å segla den nordover frå Sunnhordland. I tillegg ser me på om det er mogleg å reparera hjelpemotoren på MF Melderskin. Men det vil nok gå mange timar uansett, sa Utåker til Strilen torsdag føremiddag.

SKIFTE: Passasjerbåten West Sea takka for seg då Bjørnefjord ankom Leirvåg i 17-tida. Foto: MarineTraffic.com/skjermskot