Alfagruppen har, fram til verksemda gjekk konkurs, hatt kontor i Frekhaug senter. Foto: Henrik R. Hauken

I oktober fortalde Strilen at nokre tidlegare tilsette i Alfagruppen, reagerte på løn- og arbeidstilhøve.

Etter at saka vart publisert, dukka det opp ny informasjon, som gjorde at avisa fann grunn til å undersøka nærmare. Det viser seg at saka er meir omfattande enn det ein først kunne få inntrykk av.

Alfagruppen er ei verksemd som har hatt hovudsete på Frekhaug. Dei definerer seg som ein tele- og dataforhandlar og totalleverandør av webløysingar, og har mellom anna laga ein del nettsider til lokale verksemder.

Totalt har Strilen vore i kontakt med 21 personar som har jobba i verksemda.

18 av dei fortel at dei har hatt problem med Alfagruppen.

Det som går igjen er:

  • Tilsette som fortel at dei ikkje har fått løn som førespegla

  • Rotete personaloppfølging

  • Påstandar om at verksemda bevisst har rekruttert folk som slit på arbeidsmarknaden

Personane Strilen har vore i kontakt med, har jobba i verksemda i ulike periodar frå 2019–2023. Enkelte i kort tid, andre opp mot to år.

Henrik Ulvesæter gjekk til retten for å få det han meinte han hadde krav på. Foto: Privat

Gjekk rettens veg

Henrik Ulvesæter er ein av dei 18 personane. Han blei sagt opp i 2021, og saman med ein annan tilsett, gjekk han rettens veg for å få det han meinte han hadde krav på.

Planen var at han og kollegaen skulle starta eit nytt firma i Alfagruppen saman med dagleg leiar. Dette skar seg, og dei enda opp med ein konflikt.

– Me ville eigentleg gå heile vegen i retten, men advokatane tilrådde oss å inngå eit forlik. Grunnen var den økonomiske situasjonen i Alfagruppen, og at Alfa kommunikasjon blei lagt ned. Advokatane meinte at me ikkje ville ha meir å hente, seier Ulvesæter til Strilen.

Dagleg leiar i Alfagruppen, Henning Fyllingsnes, hevdar at det var dei to tidlegare tilsette som styrte verksemda, og ikkje han sjølv.

Bergen Tingrett stadfestar i ein e-post til Strilen at konflikten enda med eit utanrettsleg forlik.

I forliksavtalen står det at Alfagruppen skulle betale 30.000 kroner til kvar av dei.

– Forliket vart inngått i 2021. Har de fått pengane?

– Nei, Alfagruppen har ikkje betalt det dei skuldar.

Henning Fyllingsnes er dagleg leiar i Alfagruppen, og tidlegare leiar i Alfa kommunikasjon. Foto: Henrik Hauken

Henning Fyllingsnes seier at Alfagruppen ikkje har betalt forliket fordi dei meiner at Ulvesæter og kollegaen skuldar bedrifta pengar.

– Summen dei skuldar verksemda er på rundt same storleik som erstatninga i forliket, seier Fyllingsnes.

Strilen har sett forliksavtalen. Der har dagleg leiar signert på at partane i forliket ikkje har meir å krevje frå kvarandre i denne saka.

– Eg har nok gjort feil

Fyllingsnes er lei seg for at fleire tidlegare tilsette har snakka med avisa.

– Eg kan forstå at enkelte er irritable for at dei har brukt tid hos oss utan at dei har lukkast, og dermed tent lite. Dei som no utnyttar Strilen for å hemne seg, eller for å sverte meg, har minst grunn til å gjere det, seier Fyllingsnes.

Alfagruppen er no under konkursbehandling.

– Kor mykje skuldar Alfagruppen?

– Eg har ikkje noko eksakt beløp no, men driv og reknar på det med bustyrar, fortel Fyllingsnes.

– Har du gjort feil som dagleg leiar? Kunne du gjort noko annleis?

– Eg har nok gjort mange feil. I etterpåklokskapens lys er det nok mange ting eg ville gjort annleis om eg fekk mogelegheita til det.

Verksemda har hatt kontor i dette næringsbygget i Frekhaug senter. Foto: Henrik R. Hauken

Legg ikkje ned berre på Vestlandet

Strilen har vore i kontakt med bustyrar for konkursbuet fleire gongar frå veke 42 til veke 48.

Jorunn Kristin Moltu Jacobsen i advokatfirmaet Harris, fortel at det har vore problematisk å få informasjon frå dagleg leiar.

– Eg har fått litt info, men ikkje fullgod informasjon, seier bustyraren.

– Dagleg leiar har hevda at Alfagruppen skal halde fram andre stadar i landet, men det er berre registrert eitt firmanamn. Er det lov?

– Nei. Dette er ei problemstilling eg har tatt opp, som eg ikkje har fått svar på. Tilsette andre stader i Noreg oppfattar at dei er tilsette i Alfagruppen, men verksemda er no under konkursbehandling, seier Jacobsen.

Bustyrar opplever det som at dagleg leiar haler ut tida, og seier at dei har tatt grep. Dei har varsla og sagt opp alle som kan ha hatt eit tilsetjingsforhold til Alfagruppen.

Dette stiller dagleg leiar seg uforståande til. Han seier at han sjølv har sendt ut skriv til alle tilsette, og at dei har fått løpande informasjon heile vegen.

Ein tidlegare tilsett fortel likevel til Strilen at vedkomande fekk oppseiinga si via bustyrar.

Dagleg leiar har tidlegare sagt til Strilen at Alfagruppen legg ned verksemda berre på Vestlandet, men no ordlegg han seg annleis.

– Alfagruppen driv ikkje vidare i dag, men Alfagruppen har forhandlarar som driv vidare, seier Fyllingsnes.

Seks selskap er konkurs

Dette er ikkje første gong det vert opna konkurs i eit firma Fyllingsnes er dagleg leiar for.

Bergen Tingrett opplyser til Strilen at det sidan 2009 har blitt opna konkursbehandling i fem verksemder, som Henning Fyllingsnes har vore styreleiar eller dagleg leiar for.

I tillegg er eitt firma tvangsoppløyst, og eitt anna selskap har gått konkurs.

Som ein kan sjå av oversikta under, er det også åtte selskap til oppførte som «ikkje aktive» hos Brønnøysund.

Får bistand frå fagforeining

Heidi Lie i EL- og IT-forbundet Vestland hjelper fleire tidlegare tilsette i denne saka.

Ho seier at forbundet stiller spørsmål om saka kan handle om lønstjuveri. Dei er i dialog med bustyrar, for å finne ut om dette er tilfelle.

– Me kan stadfeste at folk står att utan pengar, og at fleire framleis er kraftig råka her, seier Lie.

Ho seier at dersom dagleg leiar hadde tatt dei grepa som ein arbeidsgjevar skal gjere, så hadde ikkje dei tilsette vore i denne situasjonen.

– Dagleg leiar seier at det ikkje er han si skuld, at det var andre som hadde drifta, sjølv om han var dagleg leiar. Kan andre ta ansvaret for dette?

– Han kan ikkje fråskrive seg ansvaret.

Ifølgje straffelova kan lønstjuveri straffast med bot eller fengsel inntil to år. Grovt lønstjuveri kan straffast med fengsel inntil seks år.

Fyllingsnes meiner det ikkje er grunnlag for skuldingane.

– Alle har fått den løna som har vore avtalefesta, sett bort frå i sluttfasen, då styret måtte melde selskapet insolvent. Eg har forsøkt å kome i dialog med forbundet for å få ei forklaring på dette, utan å lukkast, hevdar han.

Illustrasjonsfoto. Foto: Henrik Hauken

Fleire med liknande historier

Dei andre tilsette Strilen har snakka med, vil vere anonyme på grunn av noverande stilling eller at dei fryktar konsekvensane av å stå fram.

Men fleire av dei har oppfatta Fyllingsnes som tillitvekkande, mellom anna fordi han har verv i lokalsamfunnet.

Fyllingsnes er troppsleiar for innsatsstyrken til Bjørn West og kommunestyrepolitikar for Alver Høgre.

Ein person, som Strilen vel å kalle «Kristin», jobba i verksemda i nokre månadar. Ho seier den første artikkelen i Strilen trefte henne midt i hjartet:

– Ho som stod fram i den saka er tøffare enn det eg var for nokre år sidan. Takk for at du står fram!

– Henta arbeidskraft frå Nav og Gløde

«Kristin» hevdar Alfagruppen har tatt til seg folk som slit på arbeidsmarknaden. Noko fleire kjelder seier seg einige i.

Strilen kjenner til at minst fem av personane kom frå Gløde eller Nav.

Fyllingsnes seier Alfagruppen ikkje bevisst har henta folk som har hatt utfordringar på arbeidsmarknaden.

– At det skal brukast mot oss at me forsøkjer å hjelpe folk, som har slite med å få seg jobb fordi dei til dømes har vore borte frå arbeidslivet i lengre tid, blir veldig merkeleg. Så vidt eg veit har me hatt to på tiltak frå Nav, og så har nokre kome frå Gløde. Dette har vi berre hatt positive opplevingar med, og tente ikkje ei krone på det, hevdar han.

Avisa har også prøvd å få kontakt med ein person som i ein periode var tillitsvald i selskapet.

Han ønskjer ikkje å snakka med Strilen, men via Fyllingsnes har avisa fått tilsendt ei skriftleg erklæring. Der skriv vedkomande mellom anna at «eg opplevde Henning som ein god leiar, som bryr seg om dei tilsette».

Gunstein M. Bjørnevoll var i verksemda i nærare eitt år. Han er dataingeniør og kom inn på IT-avdelinga, via Gløde, til Alfa kommunikasjon i 2020.

Bjørnevoll fortel at han bygde opp websider, som verksemda skulle selje.

– Det var eit godt arbeidsmiljø og me hadde det veldig kjekt på jobb. Alle tre på IT-avdelinga var betalt av Nav, seier Bjørnevoll.

Han fortel at Fyllingsnes var sjef på tidspunktet han arbeidde der.

Også ein annan fortel om gode opplevingar, sjølv om ho berre var tilsett i kort tid.

Gode erfaringar

Strilen har vore i kontakt med Olaug Wallacher, som arbeidde for Gløde fram til ho nyleg gjekk av med pensjon. Ho fortel om gode erfaringar med Alfagruppen.

– Eg hadde to personar som var på arbeidstrening der. Dei fekk god opplæring og oppfølging. Det vart også lagt godt til rette for dei, med tanke på mellom anna heimekontor. Diverre måtte dei slutte på grunn av sjukdom, seier Wallacher.

Droppa deltidsjobb for å satse – fekk aldri løn

Ein annan tilsett, som Strilen vel å kalle «Silje», jobba i verksemda i fire månader i 2022.

Ho seier ho ikkje fekk løn, sjølv om ho hadde sal. Ho var klar over at jobben var provisjonsbasert, men hadde salserfaring og hadde eit håp om at det skulle gå.

«Silje» fortel at dagleg leiar fortalde kor viktig ho var for verksemda og lova at ho skulle få bookingprovisjon, etter at ho vurderte å slutte i verksemda.

Ho seier at ho blei fortalt at alt skulle bli lagt til rette for henne. Difor valde ho å bli.

– Eg hadde mange sal på gang, men mistenker at Henning ikkje ønskte me skulle selje. Eg hadde eit potensielt sal på 40.000 kroner, der Henning skulle svare på eit lite spørsmål. Det brukte han fem veker på, seier «Silje».

Etter dei fem vekene, blei det ikkje noko sal. Då hadde kunden valt eit anna selskap.

Småbeløp via Vipps

Fleire av dei Strilen har snakka med fortel om manglande oppfølging og opplæring i arbeidet.

Nokre seier at dei fekk betalt i byrjinga, men at det seinare berre blei utbetalt mindre beløp via Vipps.

Fyllingsnes hevdar dette var forskot på løn.

– Det er nokre seljarar som har hatt svake salstal, og me har i ein del tilfelle gjeve forskot for sal me ventar vil kome.

Ein tidlegare tilsett Strilen har snakka med var i ein periode toppseljar, men hevdar likevel å ha fått småbeløp via Vipps.

Dagleg leiar, Henning Fyllingsnes, forstår lite av påstanden om at han ikkje ønskte at seljarane skulle selje. Foto: Henrik R. Hauken

– Har hatt mål om fastløn

Dagleg leiar seier at dei med få unntak alltid har hatt provisjonsvilkår.

– Me har hatt som målsetjing å få seljarane over på ein eller annan form for fastløn. Men då må me først ha ei rekkje seljarar som stort sett ligg på budsjett. Dette har me ikkje lagt skjul på, seier han.

Fyllingsnes ønskjer ikkje å svare på kor lenge ein seljar kan gå utan løn, men seier han fortel til nye tilsette at dei berre må selje to nettsider i veka for å få reknestykket til å gå opp.

– Om du tar 100 telefonar dagen, og bookar inn 3–5 møte, sel du på ein tredjedel av dei. Så tar du nok telefonar, skal det vere enkelt å selje.

Han stiller seg uforståande til kritikken om at han ikkje ønskjer at seljarane skal selje, og fortel at seljarar andre stader i landet har hatt stor suksess.

«Silje» er einig i at sal er statistikk, men seier ein også må følgje opp sala.

Den oppfølginga meiner ho dei tilsette aldri fekk.

– Møte med kundar blei utsette fordi løysingane me skulle presentere ikkje var klare. Ved fleire høve gløymde dagleg leiar at me skulle ha møte. Då er det vanskeleg å få dei sala vi skulle hatt, seier «Silje».