I november 2020 fekk Alfagruppen løyvd 100.000 kroner frå koronafondet i Alver. I januar 2021 kunne Alfagruppen formidle i Strilen at dei tok sats, og satsa knallhardt på nye webløysingar.

Nokre månadar seinare, i november 2021, blei den eine delen av Alfagruppen, Alfa Kommunikasjon, slått konkurs.

I 2023 står selskapet oppført med elleve tilsette på Proff.no, og verksemda har dei siste fire åra hatt ein omsetnad frå 729.000 kroner til ein million kroner.

– Vi har drege med oss mykje gjeld frå pandemien, og i tida etter har alle tre eigarar skote inn betydeleg med kapital i selskapet, seier dagleg leiar Henning Fyllingsnes til Strilen.

Han fortel at salet stoppa heilt opp under pandemien, og at det etter dette har vorte jobba hardt for å få på plass nye seljarar og få salet i gang igjen.

Spesielt mørkt var driftsresultatet i 2021, med over 400.000 i underskot. I 2022 var driftsresultatet 375.0000 i minus.

– Elleve tilsette og frå 700.000 til ein million kroner i inntekter. Det går vel ikkje heilt opp?

– Talet på tilsette er høgt på grunn av nokre deltidstilsette og seljarar, som har forsøkt seg og vore tilsett kort tid. Vi har samstundes jobba hardt for å få inn ny kapital, men det har tatt for lang tid å få inn meir kapital, seier Fyllingsnes.

– Vi har vore i dialog med fleire investorar i vår, og jobba mykje med to av dei. Heilt på tampen av sommarferien trekte dei seg. Difor har det vore ekstra tøft no, forklarar han.

Elena håpar ingen andre kjem i same situasjon som ho har vore i. Foto: Henrik Hauken

Føler seg ført bak lyset

Ein av dei tilsette i verksemda er Elena Dale.

I sommar fekk småbarnsmora jobb i Alfagruppen, som har kontor på Frekhaug. Verksemda driv som tele- og dataforhandlar og er i tillegg ein totalleverandør innan webløysingar.

Elena skulle arbeide med telefonsal. Ho var kjend med at stillinga var provisjonsbasert, men skal på jobbintervjuet ha fått opplyst at det ville bli enkelt å oppnå minsteløn.

– Han sa det var 20.000 kroner i fastløn for seljarane, om eg sel for over 25.000 kroner. Det skulle ikkje vere eit alternativ å ikkje gå utan løn. Dette skulle eg tene godt på, fortel Elena om lovnadane under intervjuet.

Etter det ho fortel, skulle det vise seg å vere feil.

– Eg spurde ein annan tilsett om løn.

Elena fortel at vedkomande svarte at det også her mangla fleire lønsutbetalingar. Ho tok difor kontkakt med sjefen, for ho trudde ikkje dette kunne vere tilfelle.

Då ho la fram dette til Fyllingsnes, skal ho ha fått inntrykk av at ho skulle få løn, og at han lova henne fastløn i starten.

Fyllingsnes vil ikkje gå inn på enkeltsaker overfor Strilen, men seier generelt:

– Alle seljarane er tilsett på provisjonslønn. Ein del av seljarane som vi har hatt god tru på har fått meir lønn enn dei skal ha, men utover det har alle fått den løna dei skal ha, med eitt unntak. Så om eg ser at dei har ein driv, og at dei ikkje er langt unna eit salsmål, vil eg likevel betale ut løn. For då vil dei levere neste månad.

Situasjonen utan pengar har tatt på for Elena, som har åleineansvar for ei 4,5 år gammal dotter. Foto: Henrik Hauken

– Kan ikkje gå utan løn

Elena fortsette å jobbe, og jobba i god tru – heilt til ho kom i nærare i snakk med dei andre tilsette.

– Dei fortalde at heller ikkje dei hadde mottatt løn.

Elena oppfattar at dei ho snakka med skal ha fått tydeleg instruksjon om å ikkje fortelje om stoda i verksemda til nye tilsette.

Elena seier vidare at ho har signert ein arbeidskontrakt, men at ho ikkje har fått ein kopi av denne. Ho seier ho heller ikkje er registrert i Arbeidsregisteret eller hos Skatteetaten.

Strilen har fått innsyn i den underskrivne kontrakten, som er ein ganske standard kontrakt. Av kontrakten kjem det fram at løna er knytt til kor mykje den tilsette sel for.

– Eg kan ikkje gå utan løn. Eg er åleineforsørgjar til ei 4,5 år gammal jente, og har ingen sambuar å lene meg på, fortel Elena fortvila.

– Så no veit eg ikkje kva eg skal gjere. Han lova eg skulle få løn i starten. Eg føler meg lurt.

Om det at Elena ikkje er registrert i A-registeret, seier Fyllingsnes:

– Alle tilsette har vorte registrerte i tide. Så har vi hatt uflaks med at to tilsette har vorte sjukmelde før dette vart gjort, men framleis innan fristen.

Elena seier ho aldri har vore sjukmeldt, og at dersom ho hadde vore det, ville ho fått pengar frå Nav.

Elena håpar ingen kjem i same situasjon som henne. Foto: Henrik R. Hauken

– Tøft å stå fram

Strilen har dei siste vekene snakka med fleire tilsette i Alfagruppen, som har jobba der lengre enn Elena. Nokre har tilsvarande historier som Elena.

– Han tilsette meg – sjølv om han visste om situasjonen min. Eg har aldri jobba innan noko provisjonsbasert, men han sa det var enkelt å nå målet. Han har lova ting han aldri har hatt mogelegheit til å halde, sidan økonomien i verksemda ikkje er bra, seier Elena.

– Kvifor vel du å gå ut med dette i avisa? Kva ønskjer du å oppnå?

– Det einaste eg vil med dette er at ingen andre skal bli putta i denne situasjonen. Nokon må seie stopp slik at ingen andre kjem i same situasjon, seier Elena.

Elena synest det er vanskeleg å stå fram med historia si, men seier nokon må gjere det.

– Eg håpar dette når ut til flest mogeleg. Alfagruppen skal ikkje kome unna med dette, og eg håpar dei betalar det dei skulder til dei tilsette, avsluttar Elena.

Henning Fyllingsnes seier dei lenge har jobba med investorar, men at det diverre ikkje gjekk. Foto: Kjell Arne Steinsvik (arkiv)

Frå konkursvarsel til nedlegging

Fleire tilsette i Alfagruppen har tatt saka vidare med Elektroarbeiderenes Fagforening (»El og IT»).

– Eg kan stadfeste at vi hjelper fleire tilsette i denne saka, og har sendt inn eit konkursvarsel her, sa distriktssekretær i El- og IT-forbundet, Heidi Lie, til Strilen for nokre veker sidan.

Fyllingsnes seier at han no vil leggje ned verksemda på Vestlandet.

– Vi legg ned dette selskapet, seier Fyllingsnes til Strilen.

– Det er ikkje forsvarleg med vidare drift utan at vi får tilført ny kapital. Dei tre andre kontora i landet blir vidareførte, og austlandskontoret vil halde fram med å drifte alle kundane som før.

Beklagar at fire tilsette ikkje har fått løn

Nyleg hadde Fyllingsnes eit dialogmøte med dei tilsette i Alfagruppen.

– Vi hadde eit godt møte der eg fortalde dei tilsette om situasjonen. At dei ville få det dei har krav på via lønsgarantifondet.

Fyllingsnes beklagar at fire tilsette ikkje har fått løn den siste tida.

– Situasjonen har diverre gått ut over fire tilsette som ikkje har fått den løna dei har rett på. Elles har eg sagt eg forstår korleis fleire har det her. Eg har òg sagt at dei kan halde fram med salsarbeidet, for dersom bedrifta blir lagt ned, vil alle leveransar bli utførte av andre – som også vil garantere for lønna, seier Fyllingsnes til Strilen.

Strilen har i dagane etter denne saka blei publisert 10. oktober klokka 1816, fått melding frå Alfagruppen ved dagleg leiar Fyllingsnes om ei rekkje rettingar. Fleire av dei er tatt inn i saka i løpet av dagen 12. oktober.

* Vi har endra tittel til at Alfagruppen no legg ned verksemda på Vestlandet (oppdatering per 30. november 2023: tittelen er endra igjen - «Vestlandet» er tatt bort)

* Vi har også gjort enkelte små endringar i ordlyd nokre stadar i artikkelen.

* Vi har også presisert at for at Elena skal få fastløn på 20.000, må ho selje for 25.000 i dekningsgrad.

Desse rettingane blei lagt inn 12. oktober, klokka 1200.

* Vi har fjerna to formuleringar om innmelding i A-registeret og om arbeidskontrakt som kunne gje inntrykk av at innmelding i A-registeret og arbeidskontrakt i seg sjølv kunne gi rett til stønad frå NAV.

* Strilen har i løpet av dagen fått innsyn i ei underskrive arbeidskontrakt, og lagt inn eit avsnitt om dette.

Desse rettingane blei lagt inn 12. oktober klokka 1410 og 1603.

* Strilen la inn retting på siste avsnitt om at det er selskapet, og ikkje Fyllingsnes personleg, som Elena håpar at betaler det dei skal.

Rettinga blei lagt til 13. oktober, klokka 11:16. Retting 30. november klokka 0815:

* Tittel endra fra "Alfagruppen sleit med å betale løn til tilsette. No legg dei ned verksemda på Vestlandet" til "Alfagruppen sleit med å betale løn til tilsette. No legg dei ned verksemda" (bustyrar har opplyst til Strilen at det etter konkurs ikkje er lov for Alfagruppen å fortsette drifta i andre delar av landet, ettersom det berre er registrert eitt firmanavn). Nokre enkeltord er endra i teksten som følge av dette.